Sjukehusa tilbake til fylket

Regjeringa har no kome med meldinga som viser korleis ein tenkjer seg regionane og kva oppgåver desse skal ha, og det er langt på veg berre justeringar av dagens oppgåvefordeling mellom stat, fylke og kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Buskerud Venstre vil ha sjukehusa under direkte eigarskap og styring av det nye fylket. Det same meiner faktisk 17 av 19 fylkesordførarar, som meiner Staten bør gi ifrå seg sjukehusa.

Buskerud Venstre meiner regjeringa bør gi fleire oppgåver til kommunane og fylka. Sjukehusa attende til fylka ville kunne gjort dette til ein reform med tyngde. Men innhaldet i meldinga frå regjeringa dreiar seg om berre å flytte eit par små prosent av statens ressursar og oppgåver.

Helseforetaka er ei dårleg eigarform for folket. Fylkespolitikarar kan på ein betre måte ivareta folks interesser. Dagen eigarform gir eit helsevesen med stort demokratiunderskot.

Venstre går inn for tre forvaltingsnivå slik regjeringa også gjer det, men dagens fylke bør erstattast med ein einheitsfylkemodell som mellomnivå. Statlege oppgåver som no ligg under fylkesmannen, må koma under folkevald kontroll på fylkesnivå. Etter Venstres modell vil Fylkesmannen berre ha att oppgåver med kontroll og tilsyn.

Venstres reform er "det nye fylket". Det vil vera ei vidareføring av det vellukka forsøket med eit einingsfylke som er gjennomført i Møre og Romsdal. Erfaringane frå dette forsøket er at kommunane føler at fylket har vorte ein mykje sterkare samarbeids og utviklingspartnar. Dei nye fylka må få ansvar for næringsutvikling, samferdsel, kultur, helse og dei vidaregåande skulane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**