Gje ungdomen livslyst og hjelp

Det er grunn for kvar einskild av oss og for politikarar til å leita etter nye vegar for å gje ungdomen håp, mot og livsglede, skriver Marta D. Lindås, fylkeskandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Vi høyrer ofte om psykiske vanskar for unge menneske også i ungdomsskolen. Problemet aukar i omfang. Dette er trist for dei det gjeld og ein grunn til ettertanke for alle som er aktive i lokalsamfunnet.

Trass i at det moderne samfunnet har gode tilbod på skole og fritidsaktivitetar maktar vi ikkje å gje alle ungdomar i dag nok meining og mot på livet. Kan hende stiller vi uklare krav. Det kan også vera vanskeleg å forholda seg til alle tilboda. Sjølv om vi har uløyste oppgåver og mangel på kompetanse på mange område klarar ikkje kvar enkelt å finna si oppgåve, sin plass, sitt livsverk å gleda seg til, å brenna for og å leva for.

Det er grunn for kvar einskild av oss og for politikarar til å leita etter nye vegar for å gje ungdomen håp, mot og livsglede. Vi treng dei og vi må finna ut kva vi kan gje dei. Kan hende hjelper det om vi kan vera meir saman med dei. Vi kan hjelpa dei til gleda over meistring. Vi kan syne dei nytte og glede med engasjement og vi kan ta tankane deira på alvor.

Samstundes må vi styrka tilbodet til dei som alt er i ferd med å mista mot og fotfeste. Gutar ventar ofte lengre med å søkja hjelp enn jenter. Fastlækjar og helsesøster må vera i stand til å fanga opp dei som treng det når dei treng det. Pedagogisk psykologisk tjeneste må synast betre og vera til stades slik at barriera for å søka slik hjelp vert så låg som mogleg.

Østfold Venstre prioriterer barn og unge i programmet for neste fylkestingsperiode. Vi vil arbeida for gode målretta tilbod som kan utfylle tilboda i kommunane. Framfor alt skal vi arbeida for eit samfunn som kan gje håp, meining og ein plass for alle.

Marta D. Lindås
Fylkestingskandidat, Østfold Venstre

Innlegget kan også leses i Halden Dagblad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**