Eivind på Vinjerock

Nå har vi drevet med miljøarbeid i praksis sier Eivind Brenna. Han har tilbrakt helga på Vinjerock. I tillegg til å glede seg over musikken og selskapet med mange hyggelige ungdommer, har han jobbet i miljøpatruljen på Vinjerock.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Her kan du lese Vinjerocks presentasjon av Eivinds miljøinnsats i sin festivalavis :

“Miljøpolitikk i praksis
Når lokale Venstre-politikarar med Eivind Brenna i spissen tilbaud seg å stille som miljøarbeidarar på Vinjerock for å syne at dei tek miljøsaka på alvor, var ikkje fesivalleinga seine om å seie ja.
Eivind Brenna er i dag ordførar i Vestre Slidre, og fyrstekandidat på Oppland Venstre si liste framfor haustens stortingsval. Innsatsen på Vinjerock markerar difor ein annleis start på valkampen.
Politikargjengen frå Venstre skal bu i lavvo på Eidsbugarden, og påstår hardnakka at dei gler seg til å både plukke søppel, halde festivaldassane i stussen og ikkje minst syte for at folk har det bra på festivalen.

Poltisk uavhengig
Festivalsjef Eirik Høyme Rogn fortel at Vinjerock skal vera ein arena fri for politisk propaganda.
– Men når dei ynskjer å markere seg ved å gjere ein innsats på denne måten, synes vi det er heilt på sin plass å sleppe dei til, forklarar han.
– Dessutan vil Eivind Brenna vera ein stor ressurs for Valdres på Stortinget, uavhengig av kva parti han tilhøyrer, så det stør vi gjerne opp om, fortel festivalsjefen, og etterlyser fleire politikarar av same kaliber.
– Tenk om alle hadde plukka søppel i staden for å kaste skit på kvarandre!

Solid miljøpatrulje
Venstre-gjengen blir ikkje åleine om å gjere ein innsats for den sårbare høgfjellsnaturen i år. Miljøsjef Marit Lajord kan melde om rekordpåmelding.
– Med alle inkludert teller vi over 40 stykker i år, forklarar Vinjerocks svar på Bellona-Hauge storfornøgd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**