Distriktspolitisk innspill

Venstre sentralt har satt ned et distriktspolitisk utvalg. Utvalget ønsker innspill slik at temaet blir satt opp på årsmøta i fylkeslaga som avvikles på februar. Oppdal Venstres innspill følger nedenfor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Innspel frå Oppdal Venstre til distriktspolitisk utval.

Vi drøfta temaet under eit møte måndag 18.januar. Nedanfor listar eg opp dei momenta vi tykkjer er viktige, i ikkje prioritert rekkefølge.
Vidaregåande skule: Viktig med eit variert tilbod som tek utgangspunkt i lokalt næringsliv når det gjeld praktiske fag/studieretningar. I praksis vil det seia tilbod i landbruksfag der primærnæringane står sterkt, reiseliv, kokk/servitør, resepsjonsarbeid og handverksfag i kommunar som satsar på turisme, utdanning innan helse/omsrog er no helst aktuelt i dei fleste kommunar.
Høgskule: Desentralisert studieopplegg som gjer at folk i arbeid og kan gjennomføra eit krevjande fagstudie. I vår kommune har vi hatt slike tilbod både innan sjukepleie og barnehage. Må knyttast opp mot ein sentral studiestad.
Straumpris: Vi opplever at straumprisen i vår del av landet er svært høg i periodar. Slike ting er slett ikkje med på å leggja tilhøva til rette for bedriftsetablering! Og heller ikkje busetting. Lik straumpris for heile landet må da vel kunna ordnast?!
Alternativ energi: Utbygging av alternative energiformer høver stort sett best i distrikta. Vi tenkjer på vindkraft, bioenergi, bølgekraft m.m. Solenergi kan utbyggjast alle stader.
Småkraftverk: Der tilhøva ligg til rette må utbygginga av småkraftverk støttast av det offentlege. I freda vassdrag går det og mange stader an å få til ei skånsom utbygging.
Helse/omsorg: Vi veit talet på eldre aukar. Det føreset at kommunane blir sett i stand til å ta vare på innbuarane sine heile livsløpet. Ein stor mangel i kommunane no-det gjeld vel alle diverre-er eit skikkeleg tilbod til dei som har vore på sjukehus, men er på veg heim. Dei aller fleste treng ein lokal mellomstasjon for å setja seg i stand til å fungera i heimen etter eit sjukehusopphald.
Ladepunkt/ladestasjonar: Skal ein få fleire til å satsa på bilar drivne av elektrisitet, må ein ha talrike ladepunkt spreidde utover heile landet. Dette er avgjort framtid!
Rovdyrpolitikk: Formuleringa i Venstre sitt stortingsvalprogram på s. 14 og 15 om rovdyr er så visst ingen veljarmagnet i distrikta! Vi prøver så godt vi kan å halda korta om rovdyr tett til brystet. Dersom Venstre verkeleg ynskjer å ha eit landbruk basert på sauehald der utmarksressursane blir nytta, må dette punktet omformulerast. Vi hjelper gjerne til med det.
Landbruk: Dette er ei svært viktig næring i distrikts-Noreg. Det vi ser no er ei alvorleg avskaling av bønder. Det handlar om ein ting: Økonomi. Regjeringa skryter av gode jordbruksoppgjer dei siste åra. Dei gløymer ein ting oppe i dette: Utgiftene til innkjøp av driftsmedel har auka minst så mykje! Dermed er det i beste fall eit nullspell. Skal vi framleis vera sjølforsynte med det daglege brød vi har klimatiske føresetnader for å oppfylla i Norge, må inntektene til bøndene opp! I vår kommune, som er ein jordbrukskommune, ser vi at det blir vanskeleg etter kvart å få nye drivarar.
Lærlingeplassar: Støtte til lærlingeplassar er ei god distriktspolitisk investering. Vi ser at det lokale næringsliv er positive til å ta inn lærlingar, men ikkje alle ser seg i stand til det avdi godtgjersla til slike tiltak frå det offentlege er for dårleg. Det er mest for mykje forlanga om t.d. ei snikkarbedrift skal tapa pengar på å ha folk under opplæring.
Arbeidgjevaravgift: Dette er eit svært godt distriktspolitisk verkemedel.
Gründarar: Redusert skatt og avgift over nokre år er naudsynleg skal folk som startar verksemder koma seg over den føste kneika. Det er dessutan med og viser at vi set pris på folk som vågar å satsa!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**