Dei vil overvaka deg og meg!

Dei vil registrerar din digitale kvardag, dei meiner du er skyldig til du kan bevise det motsatte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Dei vil overvaka deg og meg!

Nyleg gjekk Høgres stortingsgruppa inn for å samarbeida med arbeiderpartiet om å innføra datalagringsdirektivet i Noreg. DLD var forventa frå AP, men Ikkje frå Høgre som likar å kalla seg Liberalkonservative. Oss ekta liberalerar i Sunnhordland Unge Venstre meinar at det er på høg tid at Høgre stryk ordet liberal.

Registrerar din digitale kvardag
Datalagringsdirektivet går ut på lagre sine digitale spør, kven du ringar, sendar mail til, kor du er når dette førekjem, varigheit samt mail-korrespondansen din. Korfor skal staten vera barnevakt for deg og meg, samstundes som dei effektivt myrdar det grunnlovsfesta prinsippet om retten til privatliv. Privatlivet er ein av hjørnesteinane i eit liberalt demokrati, og noko ein ikkje burde råka ved.

Journal, mappe

Foto: Microsoft

Så korfor trossar dei dette?
AP og Høgre går her imot folkeopinionen, medan Høgre ikkje vil fornærma sine kollegaer i Brüssel, så har nok AP ei anna motivasjon; dei vil bekjempa alvorleg og organisert kriminalitet, bl.a. Avdekka pedofilske nettverk og mafia-verksemd. Gode motiv, men feil framgongsmåte.
Datalagringsdirektivet har vore innført i Tyskland, og der har det ikkje hatt noko vknad, tvert imot, kriminaliteten har faktisk auka etter innføringa. Der liberalarar inviterar til å sjå på fakta, vel sosial-demokratane og dei konservative å ignorera dei.

Fridom framfor falsk sikkerheit
Me i Sunnhordland og Noreg Unge Venstre ser med frykt på den utviklinga som skjer i Noreg og Europa forøvrig, der skremjingspropagandaen og framandfrykta spreiar seg i eit alarmerande tempo, noko ein kan sjå i den kraftige valoppsluttinga rundt høgreekstreme parti i Europa, deriblandt sverigedemokratane. Dette ser me på som veldig synd, framandkulturelle er ei naudsynt ressurs for vårt samfunn, samt ei forriking av vårt eiga kulturmangfold, for mangfold er bra!
Det er trist å sjå at folk ynskjar å byta ut noko av sin fridom mot ei kjensle av falsk sikkerheit. Benjamin Franklin, ein av grunnleggarane av USA så eingong at “Det folk som er villeg til å offra litt fridom for litt sikkerheit, fortenar verken det eine eller det andre, og vil tapa begge.”

Privatlivets fred
Alle burde ha retten til å ikkje bli overvaka til alle døgnets tidar, sjølv når dei ikkje har noko å skjula, spesielt då! Ein skal sjølvsagt framleis kunna overvaka kriminelle, men då skal ein ha belegg for dett, og ikkje berre heilgardera seg ved å overvaka oss alle. Høgre har tidlegare snakka om tillit til menneska, det visar dei ikkje i praksis.

Geir Angeltveit,
Ungdomskandidat Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**