Boligområde på Litlabø

Ved å tilrettelegga for nye boligområder på Litlabø vil ein på lang sikt kunna stimulera til meir utvikling av eit spennande område på Stord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Stord Venstre trur på å utvikla Litlabø heller enn å nedbygga Litlabø. Ei sattsing på nye boligområder vil styrka busettinga og auka innbyggartalet.
Dette vil stimulera til etablering av industri i området, som då vil trenga både skule og bornahage for at samfunnet skal fungera.

blomstereng

Foto: Helga

Det er alltid viktig å tenka langsiktig, så dette vil kunna bli eit bolig- og næringsområde å utvikla for Stord Kommune.

For å auka hastigheita på denne etableringa kan ein modell vera at Stord kommune tilbyr lågare avgifter og prisar på dei kommunale tomtene for å fremja utviklinga.

I eit heilheitleg syn står dette også i stil med Stord Venstres politikk når det gjeld å skipa eit oppvekstssenter på Litlabø;

https://www.venstre.no/hordaland/stord/artikkel/33478/

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**