Venstre kritisert av Raudt

Venstres politikk rundt ei endring av sjukehussektoren blei kritisert av raudts ordøfarkandidat, Lone Lunemann.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstres flygeblad om Stord Sjukehus

Ein kan lesa raudts ordførarkandidat Lone Lunemanns fråsegn i Sunnhordland 08.06.2011. www.Sunnhordland.no

Raudts sitt lesarinnlegg

Raudts sitt lesarinnlegg
Foto: Sunnhordland

I eit lesarinnlegg Onsdag gjekk Lone Lunemann frå Raudt ut mot Venstres ønskjer om ei forbetring av sjukehussituasjonen. Framstillinga til Raudt her er heilt villeiande, og visar til mangelfull kunnskap om kva Venstre faktisk vil gjera. Det ligg langt i frå berre ei namn- og regionendring i det at me ønskjer å endra Helse Fonna til Helse Hordaland.

Raudt seier her at det er "å pirke i overflata". Då har ikkje Raudt fått med seg kva det tydar å orientera seg mot Universitetssjukehuset i Bergen.

Venstre ønskjer at lokalsjukehusa skal ha fødsels-og akuttenester, anestesi, røntgen, laboratorium, indremedisinske tilbod og generelle kirurgiske tenester. Universitetssjukehusa skal ha eit fadderansvar ovanfor lokalsjukehusa, og legga ut eigna sentraliserte funksjonar til ulike lokalsjukehus. Dette vil bidra til naudsynt avlasting av universitetssjukehusa og samstundes sikra levedyktige fagmiljø ved det enkelte lokalsjukehus. Det må også leggast til rette for eit godt utdanningstilbod ved lokalsjukehusa, utvikling av relevante forskingsmiljø samt samarbeid med primærhelsetenesta og lokalmedisinske sentre i vertskommunane.

Fedmekirurgien ved Voss sjukehus er eit godt eksempel på ei spesialisert oppgåve som med fordel er blitt plassert utanfor Haukeland universitetssjukehus.

Helseøkonomisk forsking kan tyde på at det er enklare å sikra god økonomistyring ved mindre sjukehus, det er difor viktig av kvart enkelt lokalsjukehus får høg grad av kontroll med eige budsjett for drift og investeringar.

Dagens sjukehusstruktur er basert på ei tid då fylkeskommunen hadde ansvar for sjukehusa. I staden for dagens lokal-, sentral- og universitets/regionalsjukehus bør ein no konsentrera sjukehustenestene i lokalsjukehus og universitetssjukehus. Denne modellen vil vera forutsigbar og vil over tid utvikla meir robuste fagmiljø. Dette vil gjera det meir attraktivt for den kommande generasjonen å etablera seg i distrikta.

Forutsigbarheit er viktig
Når det gjeld den faste legedekkinga er forutsigbarheit og struktur viktig for legar som søkar jobb. I første omgang kan det etablerast ei ordning med roterande hospitering på HUS, Ass. legar under utdanning kan tilbys ei frivillig rotasjonsordning osb. Over tid vil det då kunna voksa fram kompetansemiljø med forskingsinnslag. Men, føresetnaden for det er igjen forutsigbarheit, struktur og langsiktigheit, då slike miljø ikkje utviklar seg "over natta".
Eg anbefala difor Raudts ordførarkandidat å lesa Venstres fråsegn og orientera seg om kva saka faktisk gjeld. Stord Venstre vil også ønska alle sjukehusvenar til ope møte om sjukehusets framtid på Rehabiliteringssenteret idag kl. 20.00.

Geir Angeltveit
Ungdomskandidat Stord Venstre

Ein kan lesa meir om sjukehusmøtet her;
http://www.sunnhordland.no/article/20110607/NYHENDE/706079987

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**