Venstres folkemøte var ein suksess!

Venstre avholdt Torsdag 9. Juni eit folkemøte om Sjukehuset. Venstre ønskjar ei endring som vil styrka lokalsjukehusa. Det kom mange folk og dialogen var veldig givande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gunn-Vivian Eide talar til forsammlinga på Stord Venstres folkemøte.

Foto: Geir Angeltveit

Det var over 40 personar som møtte opp på Rehabiliteringssenteret Torsdag kveld. Frå legar og tillitsvalgte til politikarar og interessante. Sjukehuset engasjerar!

Møtet starta med ei lita innleiing til bakgrunnen for møtet ved Stord Venstres ordførarkandidat, Håkon Frode Særsten. Før Hordaland Venstres politiske nestleiar og psykiater ved Haukeland Universitetssjukehus, Gunn-Vivian Eide forklarte utvida om den nye ordninga som me i Venstre vil ha.

Meir om “Helse Hordaland” kan ein lesa her;
https://www.venstre.no/hordaland/artikkel/33205/

Det kom mange gode innspel frå legar, sjukepleiarar og tillitsvalgte, samt politikarar frå andre parti. Det visar at Venstres initiativ har grobotn. Det var tydeleg ei frustrasjon med den noverande organiseringa, der Stord Sjukehus vert tappa for avdelingar og svekka som konsekvens av Helse Fonna.

Meir om denne saka kan ein lesa på Sunnhordland.no;
http://www.sunnhordland.no/article/20110610/NYHENDE/706139999/-1

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**