Det kreative og nyskapande Noreg

Venstre vil endra sattsingsområda til Noreg, prioritera for framtida. Sjå på nye vegar og gå ned dei!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det kreative og nyskapande Noreg
Framtidas velferdssamfunn avheng av eit nyskapande næringsliv. Framtidas arbeidsplassar er enda ikkje skipa, og Venstre vil ha ein politikk som støttar nyskaparar og gründerar. Forsking, utdanning og skattesystem er viktige forutsetnadar for framtidas arbeidsplassar og velferd. Samfunnet må gi rom for menneskas skapande evner i skuleverk, forsking, kultur og næringsliv. Me må sleppa fram dei som tør å satsa, og som tør å tru på ein idé.

Storddøra

Foto: Henke – Flicr

Politikk som er bra for dei små verksemder er nesten utan unntak bra for dei store, men det er ikkje naudsynt slik motsatt veg. Difor er Venstre særskild opptatt av gode rammevilkår for dei minste verksemda og for sjølvstendige næringsdrivande.

Vendepunkt og nye moglegheitar
Noreg står no — saman med alle verdens land — framfor eit vendepunkt i politisk kurs; Me må omstilla oss frå bruken av fossil energi; kull, olje og gass, til lavutslippssamfunnet, basert på fornybare energikildar.

Dei land som går i front, vil vera best rusta til å møta morgondagen. Ikkje berre med betre miljø, men også med eit meir tilpassa næringsliv og betre velferd. Noreg treng ein grøn økonomi. Ei slik omstilling er krevjande, men gir også nye moglegheitar. Miljøverksemder vert morgondagens vinnarar. Naturverdiane vert bevart for framtidige generasjonar.

Betre Velferd
Venstre vil ha meir velferd i kommunane. Alt for mange opplever at dei vert kasteballar i systemet eller vert ståande i kø i helsevesenet. Me vil gi meir behandling i folks nærmiljø og auka verdigheit for den enkelte. Venstres reform er meir enn ein samhandlingsreform. I tillegg til helse- og omsorgsopgåver, vil Venstre skapa meir heilheitlege tenestar for born og unge med særskilde behov, hjelpa alle til ein egna bolig, styrka rusomsorgen og satsa meir på forebygging og tidleg innsats.

Ein skule for kunnskap og like moglegheitar
For eit lite land i ein globalisert økonomi er skule, høgare utdanning og forsking det viktigaste å satsa på. I skulen legges ein viktig del av grunnlaget for framtidas demokrati og verdiskaping i Noreg. Venstre vil ha ein god offentleg skule som har ambisjonar for alle elevar. Dette krevst fleire og betre lærarar. Venstre vil gi alle lærarar fagleg påfyll gjennom systematisk vidareutdanning, og me vil rekruttera fleire lærarar for å møta framtidas lærarmangel.

Håkon Frode Særsten
Ordførarkandidat, Stord Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**