10,4% på lokal meiningsmåling

Sunnhordlands ferske meiningsmåling visar at Stord Venstre har fått auka tillitt med ein oppsving på 1,9% frå valresultatet frå 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ei lokal meiningsmåling for Stord Kommune visar at Stord Venstre har fått auka oppslutting hos borgarane i kommunen.

Valresultatet frå 2007 var veldig sterkt, og då er det veldig positivt, kjekt og motiverande for oss når ein ser at folk synest ein gjer det bra. Ein auke på 1,9% gjer at Stord Venstre vert kommunens fjerde største parti ved at ein går forbi KRF. Noko som opnar spørsmålet om varaordførarvervet.

Håkon Frode Særsten

Foto: Særsten

“Me kjemper for Venstre sine saker. Det samarbeidet me har hatt har fungert bra, men no
er det valet som skal avgjera”, seier Ordførarkandidaten til Venstre, Håkon Frode Særsten.

Me er opptekne av å styra kva retning kommunen skal gå, og kjem ikkje med spesielle krav på førehand i ein sånn diskusjon som nødvendigvis vil koma etter valet. Men mitt inn- trykk er at ein ofte kan påverka vel så mykje som komiteleiar, seier Særsten i høve spørsmål om varaordførarvervet, meldar Sunnhordland.

Stord Venstre vil halda på med eit framleis liberalt engasjement for Stord, der nye løysingar på våre større lokalpolitiske problem står i fokus. Som ved ein reorganisering av Stord Sjukehus, som kan sørga for forutsigbarheit og ei sikker framtid for sjukehuset.

Ei reel auke på 1,9% vil også medføra eit fjerde mandat for Stord Venstre i kommunestyret. For inneværande periode har ein 3 i kommunestyret.

Sitat er frå artikkelen i Sunnhordland, ein kan lesa heile denne saka i Sunnhordland avis, måndag 27. Juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**