FRP til åtak på Venstre

FRPs Sigbjørn Framnes går til åtak på Venstre, og særskild Ungdomskandidat Geir Angeltveit, som han meinar villeiar. Sjølv seier Angeltveit at Framnes kjem med vage og uforpliktande formuleringar, der Venstre istadenfor vil ha målretta og konkrete vedtak for Sjukehusets framtid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre
Foto: M. Fischer

Tysdag 23. August kan ein lesa i Sunnhordland papiravis at Sigbjørn Framnes meinar Ungdomskandidat Geir Angeltveit villeiar når han seier at “dei andre røysta mot”. Til dette svarar Angeltveit at det vedtaket som vart fatta av fleirtalet er lite målretta og lite konkret. Ei så vag formulering som omtrent kan tyda mykje rart.

“— Det han seier er rein bløff. Den teksten som blei vedteken hadde nesten same innhald som Venstre sitt forslag. Det er ikkje dermed sagt at me har røysta imot, det er berre ein anna måte å seia det på, seier Framnes.” Om Angeltveit sitt lesarinnlegg, måndag 16. August.

“Geir Angeltveit står imidlertid på sitt, og meiner Venstre står i ei særstilling i denne saka. — Framnes høyres ut som ein tradisjonell politikar. Han lovar å «utgreia» og å «vurdera» og å «sjå på». Det er ingenting forpliktande i

 Venstre vil sikra framtida til Stord Sjukehus. Trykk på biletet for å sjå kva me vil gjera for sjukehuset.

Venstre vil sikra framtida til Stord Sjukehus. Trykk på biletet for å sjå kva me vil gjera for sjukehuset.

det vedtaket fleirtalet fatta. Venstre har fremja eit konkret framlegg om handling, medan Frp berre kjem med tomprat, seier Angeltveit.”

Trykk her for meir om Venstres forslag.

– Heile artikkelen finn ein i Sunnhordland, Tysdag 23. August.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**