Ei framtid for Litlabø

I Sunnhordland 24. August står Venstres lesarinnlegg om Litlabø på trykk. Heile lesarinnlegget kan ein lesa her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre har tru på å behalda og vidareutvikla det unike og levedyktige ved Litlabø. Dette meiner me er verdifullt for heile stordsamfunnet.

Litlablø

Foto: Henke, flicr

Stord Venstre vil ta intiativ til ein prøvemodell med oppvekstsenter på Litlabø, der barnehage og skule er samla i ein organisasjon. Denne modellen har vist gode resultat i andre kommunar. Eit oppvekstsenter kan spara administrative ressursar og skapa større ro for Litlabø som oppvekstområde. Ved ei slik omlegging ønskjer me også å leggja rette for at dei minste borna kan sleppa å reisa ut av Litlabø for å gå i barnehage. Kommunen er også i ein svært utsatt og sårbar økonomisk situasjon, men så fremt det er mogleg og forsvarleg ovenfor tenestetilbodet og dei økonomiske rammene så ynskjar me å styrka Litlabø.

Me ser no at det skjer eit generasjonsskifte på Litlabø, der unge barnefamiliar tek over bustader. Det same me har sett i andre bustadområde i Stord tidlegare. Då er det viktig at oppvekstvilkåra er sikra.

Venstre ønskjer å fremja vekst og utvikling i heile kommunen. Litlabø er eit spennande område på Stord, der det også er rom for utbygging av nye bustader som kan vera med og sikra driftsgrunnlag for eit oppvekstsenter. På Litlabø kan ein leva og bu tett på naturen, med både vatn, skog og fjell, samstundes som det er rimeleg sentrumsnært med 10 minutt til snøggbåtkaien. Utviklinga som no skjer i det gamle gruvemiljøet gjer Litlabø til eit spennande område også kulturelt sett.

Å leggja til rette for at private aktørar på ein enkel måte kan gjera ei satsing på bustadfelt i dette område, er noko me stillar oss særskild positive til.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Ungdomskandidat
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**