Kvalitet og verdigheit for eldre

Respekt for ulike ynskjer er grunnlaget for verdigheit i eldreomsorgen. Difor vil Venstre arbeida for at det tilbys eit vidt spekter av pleie- og omsorgstenestar i kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Respekt for ulike ynskjer er grunnlaget for verdigheit i eldreomsorgen. Difor vil Venstre arbeida for at det tilbys eit vidt spekter av pleie- og omsorgstenestar i kommunen.

Sosial

Foto: Gjesdal Venstre

Utgongspunktet er at den enkelte skal kunna bu heima hjå seg sjølv så lenge han eller ho ynskjar det, og heimetenestane er tilstrekkelege. Kommunen bør vera i stand til å tilby ei komplett omsorgstrapp; velutbygde heimatenestar og dagtilbod, omsorgsboligar med og utan heildøgns bemanning og til slutt, sjukeheim. Omsorgsløysingane må organiserast på ein slik måte at partnere kan bu saman om dei ynskjar det.

Arbeiderparties løfte om «full sjukeheimsdekkjing» er difor misvisande. God og verdig omsorg til alle er minstekravet. Kommunen har ansvar for at eldreomsorgen drivast med høg kvalitet, og at dei eldre får tilpassa omsorgstenestar.

Eldre pasientar som ikkje får sjukeheimsplass vert idag ofte lenge på sjukehus. Ei satsing på forsterka sjukeheim – som kan utføra enkle tenestar som idag vert utført på sjukehus – sparar pasientar og pårørande for belastinga det innebærar å verta sendt mellom sjukehus og sjukeheim. Forsterka sjukeheimar vil også kunna dempa presset på sjukehusa.

Dei forsterka sjukeheima må knyttast til samhandlingsreformas forslag om lokalmedisinske sentre og liknande. Det føreset at dei lokalmedisinske sentra fullfinansieras av staten både i forhold til drift og innvesteringar.

Fleire tenestar enn i dag, som til eksempel intravenøs antibiotikabehandling og smertelindring, burde kunna utførast på alle sjukeheimar.

eldre ektepar

Antall eldre er aukande. Ein naturleg følgje av dette er ei auke i demenstilfeller. Det er viktig at kommunane satsar meir på førebyggjande tiltak ved mellom anna å tilby varierte aktivitetsmoglegheitar for eldre. Forsking visar at aktivitet bidrar til forsinka demensutvikling.

Gode møtestadar og aktivitetstilbod i kommunane er viktige og gode førebyggjande tiltak som reduserar einsomheit og psykiske helseproblem hjå eldre. Vald i nære relasjonar rammar også eldre. Også her må kommunen arbeida aktivt i det førebyggjande arbeidet.

Samhandlingsreforma har gode intensjonar. Å tilby betre helse- og omsorgstilbod i kommunane er naudsynt for å møta framtidas utfordringar. Venstre meinar imidlertidig sjangsane til å lykkas er vesentleg svekka dersom det ikkje er vilje til å gjennomføra ein heilheitleg kommunereform. Dersom kommunane skal kunna verta i stand til å ta eit større ansvar for omsorga til sine innbyggjarane må mange kommunar bli større og sterkare. Slik reforma ser ut til å gjennomførast i dag vil det innebera ei stor økonomisk belastning for kommunane. Samstundes som den vil gi auka byråkrati.Venstre ynskjar at kommunanes ansvar, forpliktelsar og kostnadar skal vera avklart før reformen iverksetjast. Om ikkje ser Venstre det som naudsynt at reforma vert utsatt eit år.

Håkon Frode Særsten
Ordførarkandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**