6,8% – Ein framgong på skulevalet nasjonalt!

Idag tysdag 6. September kom resultata frå skulevalet. Denne valkampen har Unge Venstre hatt hovudansvaret for.

For tredje valår på rad har me hatt ein vekst.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


 Trykk på biletet for Vg.no-artikkelen.

Trykk på biletet for Vg.no-artikkelen.
Foto: Vg.no

Venstre og Unge Venstre er ein av tre partier som går fram på skulevalsmålinga. Over 120.000 elevar ved landets vidaregåande skular har avgitt si røyst.

Venstre går fram saman med Høgre og AP. Medan fløypartia SV og FRP går markant tilbake.

Det er generelt ungdomspartia som står for denne valkampen. Og medan Unge Venstre har ein del færre medlemmer enn både AUF og Unge Høgre så har me klart å koma fram med politikken, stått på og gjort ein reell innsats. At folk har mottatt vår politikk er tydeleg.

– “Dette er vakre tal, og gir meg både pågongsmot og håp for måndagens val. Unge Venstre skal ha mykje av æra for den liberale vinden som går over landet, og det er godt å sjå at unge menneske likar politikken vår.” – seier Venstreleiar Trine Skei Grande.

No som me er midt i siste veka av valet er det ein skikkeleg valspurt! Godt val.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**