Gode turar i rein natur

Hordaland er friluftsfylket framføre noko. Ikkje berre er naturen ei kjelde til mykje verdiskaping og næring, han er òg ein viktig del av sjølvkjensla og den lokale identiteten. Venstre vil verne vestlandsnaturen mot inngrep som monstermaster og kraftliner.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Stordsnaturen gjev gode høve til friluftsliv og naturopplevingar. Friluftsliv er ei god kjelde til kulturopplevingar, utvikling og trivsel — for alle. Venstre meiner difor det er viktig å leggja til rette slik at også menneske med funksjonshemmingar lettare kan komme seg ut i naturen.

Sopp, høst

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Midt i alt fokuset på klimautfordringane er det viktig å ikkje gløyme det klassiske naturvernet. Venstre vil ta vare på det biologiske mangfaldet på Stord. Naturen sitt eige verd må ikkje undervurderast. Venstre ynskjer å få på plass ein plan for rovdyrforvaltninga i fylket.

Venstre har som mål at Noreg skal ha eit sterkt fokus på dyrevelferd. Det bør stillast krav til menneske som har dyr i si varetekt, om at dei har kunnskap om dyra sine åtferdsbehov og krav til ernæring, sosialt og fysisk miljø. Dyr skal haldast i miljø som gir god livskvalitet, og funksjonsfriske dyr skal vere ein føresetnad for alle typar avl. Avl av dyr til pelsoppdrett må stoppast. Pelsdyrnæringa har fått nok åtvarslar om betring, utan at noko har skjedd. Dyr har ein eigenverdi, og handtering av dyr skal skje med omsorg og respekt for dyra sin eigenart.

På Stord ynskjar me å oppgradera kulturløyper i heile kommunen, med oppslag, bilete, skilt, samt sikra Leirvik Fyr som eit attraktivt og tilgjengeleg friluftsområde. Me ynskjar også å få fleire sauer på beite for å ta vare på kulturlandskapet.

Venstre vil kjempe for disse sakene, men me kan ikkje gjere det åleine. For at me skal kunne heve vår røyst i kommunestyre og på fylkestinget, treng me di røyst. Venstre er det einaste partiet som både tek omsyn til miljøet, og har ambisjonar for næringslivet – for oss går rein natur og nye jobbar hand i hand. Ei røyst på Venstre er ei røyst for grøn vekst i heile Hordaland.

Håkon Frode Særsten
Ordførarkandidat Stord Venstre
Geir Angeltveit
Ungdomskandidat Stord Venstre

– Lesarinnlegg på trykk i Bladet Sunnhordland, 6. September 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**