Ferjefri og trygg kyststamveg E39

Kort lesarinnlegg på trykk angåande E39 og kva Venstre ynskjar å gjera. Venstre vil ha ferjefri E39, som også er ein sikker veg!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Sandviksvåg

■■ Ein debatt som diverre ikkje har blitt tatt under årets valkamp er kor farleg E39 over Stord er. Statistisk sett ein av dei mest utsette strekninga. Ser ein til andre land eller andre fylke så har midtrabattar hatt stor effekt.
Det har vore mange ulykker på E39. Me treng å få fortgang i arbeidet med ein trygg og ferjefri kyststamveg. Omsyn til tryggleik i trafikken gjer at me må byggje midtrabattar heile vegen over Stord. Venstre vil prioritera ferjefri E39 før andre vegprosjekt.

Sunnhordland er ein av dei sterkaste verdiskapingsregionane i heile landet. Det viktigaste fylkeskommunen kan gjera for støtta opp under den gode utviklinga hjå oss er sikra ein betre infrastruktur.
Venstre vil:
— Prioritera utbygginga av ein sikker og ferjefri kyststamveg E39
— Gjera Leirvik til sentrum for ei ny einskapstakstsone for buss
— Få fortgang i arbeidet med universell utforming av ferjene

Geir Angeltveit
Ungdomskandidat Stord Venstre

– På trykk i Bladet Sunnhordland, 9. September 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**