Noreg treng ei liberal regjering

Venstre skal vera med og syte for regjeringsskifte i 2013. I sju år har me hatt ei regjering som i altfor liten grad har satsa på miljø, utdanning og forsking, på dei svakast stilte i samfunnet, på personvern og ikkje minst på byggjing av naudsynt infrastruktur i Noreg. Det vil vera avgjerande for Venstre å få ei regjering i Noreg som evnar å ta tak i desse områda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre vil halde fram med ein open og demokratisk politikk og søkjer makt for å få gjennomslag for sine løysingar. Forhandlingsresultat og politisk gjennomslag for Venstre sine saker — for klimatiltak, kunnskap, sosialt ansvar, personvern, toleranse og ein liberal økonomisk politikk — er difor avgjerande for Venstre si deltaking i regjering, eller alternativt støtte frå Venstre til ei regjering me sjølve ikkje er ein del av.

Venstre sitt landsmøte i 2012 må gjera tydeleg ein prinsipiell opning for samarbeid med partnarar som er viljuge til å gje vesentleg gjennomslag for Venstre sin politikk. Det vil vera naturleg for Venstre å søkje samarbeid med dei andre borgerlege partia for å danne grunnlaget for ei ny regjering. Venstre bør ta ei endeleg stilling til om partiet skal sitje i regjering fyrst etter stortingsvalet i 2013. Venstre sine veljarar skal vite at partiet ynskjer å søkje regjeringsmakt, men både storleiken til dei borgarlege partia og resultatet av forhandlingar vil avgjera om Venstre skal gå inn i regjering eller vera i opposisjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**