Ein skulebruksplan må på plass!

Stord Venstre såg seg i haust nødd til å gå med på eit budsjett som medførte store kutt, også i høve områder som Venstre har programfesta å arbeida for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Vedtaket om ein prosess i høve Litlabø Skule vart fatta på bakgrunn av den føresetnaden at ein måtte kutta kostnadane til Stord Kommune med 8-9 millionar. Det viser seg no at mange stiller seg kritiske til om desse kutta kan vera rette.

 Litlabø Skule. Foto: Privat

Litlabø Skule. Foto: Privat

Det som er klart er at Stord Venstre ikkje ynskjer at Stord Kommune kjem i same stoda som då ein la ned rehabiliteringssenteret for å kutta kostnadar, der det aldri vart avklart om det medførte nokre reelle kostnadsreduksjonar. For Stord Venstre er det viktig at ein er sikker på at grunngjevinga for eventuelle kostnadsreduksjonar i budsjettet er valide.

Stord Venstre kjem til å krevja at skulebruksplanen er på plass, og at ei ny vurdering av konsekvensane av nedleggjingar vert lagt til grunn. Ein skulebruksplan som tar for seg heile strukturen i kommunen, der alle skular vert vurdert objektivt av Norconsult i Bergen.

Konkret tyder dette at Stord Venstre kjem til å røysta MOT nedleggjing av Litlabø Skule, når saka no kjem på kommunestyremøtet 22. Mars.

Stord Venstre har programfesta i denne perioden å sjå på moglegheitane for at Litlabø Skule vert organisert som eit oppvekstsenter, der ein kan leggja tilhøva til rette for differansierte klassar, og felles administrasjon. Om skulebruksplanen og politiske prioriteringar viser at dette er det rette å gjera. Dei liberale prinsippa med fritt skuleval, som Venstre ser på som ein grunnleggjande rett for føresette og born er også eit moment som talar imot nedleggjing. Liberale rettar vil me framleis arbeida for, på Litlabø, såvel som resten av Stord.

Håkon Frode Særsten

Med liberal helsing,

Håkon Frode Særsten
Leiar og kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**