Meir demokrati!

Kampen for demokrati og meir openheit er viktig i det norske samfunnet. Borgarane må vera
trygge på at avgjersle som har påverknad for på samfunnsutviklinga og for dei som enkeltmenneske, takast i fora som er opne og som er under demokratisk kontroll

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


– På trykk i Bladet Sunnhordland 20. April, 2012.

Kompass

Foto: Microsoft

Tida er også inne for å styrke folkestyret ved å gje fleire røysterett og ha meir opne nominasjonsprosessar. Venstre har ein lang tradisjon for å støtta utvidingar av røysteretten, inkludert røysterett frå 16 år. Ved haustens val deltok 20 kommunar i ei prøveordning med røysterett frå 16 år. Dette har vore utelukkande positivt. Venstre tar ungdom og demokrati på alvor og vil difor at røysterettsalderen vert senka til 16 år ved alle val.

Nominasjonsprosessar bør vera opne og inkluderande. Ein forsvinnande liten del av befolkninga er medlemmer av politiske parti. Eit mindretal av desse igjen er aktivt involvert i å velje partias listekandidatar. Partia i Noreg bør bidra til nye, meir opne nominasjonsprosessar og Venstre ynskjer mellom anna å leggje til rette for å kunne gjennomføre opne prøvenominasjonar.

På grunn av det såkalla styringstillegget i valordninga, får dei største partia fleire stortingsmandat enn deira røystetal skulle tilseie. Venstre meiner dette er udemokratisk, og vil difor endre første delingstal ved valoppgjeret frå 1,4 til 1.

I dag er det i praksis ikkje mogeleg å stryka listekandidatar ved val. Dette gjer det vanskeleg å påverka kva kandidatar som vert vald til å representere veljarane. Venstre vil tillate stryking i tillegg til kumulering ved alle val og gjere det lettare å kumulera opp kandidatar ved fylkesting- og stortingsval.

Venstre vil ha full openheit om alle økonomiske bidrag som gis som valkamp- og
partistøtte.

Venstre vil:
— Senke røysterettsalderen til 16 år for alle val.

— at partia skal gå inn for meir opne nominasjonsprosessar.

— ha full openheit om alle økonomiske bidrag som partistønad.

Vedteke av Venstre sitt landsmøte.
v/Geir Angeltveit
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**