Ungdomsskuleelevar som tek fag på vidaregåande

I komitemøtet i oppvekst og utdanning den 3. Mai tok Geir Angeltveit opp spørsmålet om elevers rett til å ta fag ved vidaregåande skule, medan dei går ungdomsskulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


 Trykk på biletet for større versjon.

Trykk på biletet for større versjon.
Foto: as

Eg tok opp dette temaet då eg fekk med meg at det i Hordaland berre var 35 elevar som fekk denne mogelegheita. Medan det på austlandet var over 700. I Stord kommune var det 1 person (artikkelen).

Eg stilte spørsmål i komiteen, og fekk dette svaret;
Protokoll frå møtet 3. Mai

Dette svaret var eit administrativt svar. Eg vil følgja denne saka og sjå kva og når ein kan gjere i framtida.

Svar på spørsmål frå Geir Angeltveit, Venstre.
Fag på vidaregåande for ungdomssuleelevar.
Det er positivt at det vert opna for at elevar på ungdomsskulen kan få ta fag på vidaregåande. Det har hittil vore mogeleg i faga matematikk, engelsk, framandspråk, naturfag og samfunnsfag. Dette er det no forslag om å utvida til alle fag. Fylkesmannen orienterte om forslaget på sitt møte med kommunane i mars.

 Geir Angeltveit tok opp denne saka i komitemøtet.

Geir Angeltveit tok opp denne saka i komitemøtet.
Foto: M. Fischer

I Stord har dette berre vore nytta i einskildsaker, og utan formelt samarbeid mellom kommunen og fylket. Dette skuleåret er det ein elev som fylgjer undervisninga på vidaregåande i matematikk. Når dette skal innarbeidast i større omfang, krev det samarbeid mellom skulane først og fremst når det gjeld timeplan. Det må kunna samordnast på ein slik måte at resten av undervisninga som elevane skal ha og vert ivareteken. Det betyr at dette må prioriterast både av fylkeskommunen og kommunane.

Det er mange element som no skal på plass i ungdomsskulen framover, tenkjer særleg på
– Valfag
– Arbeidslivsfag
– Ny GIV (Ekstra satsing på overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande)
– Generelt meir bruk av praktiske arbeidsmåtar i alle fag
I tillegg kommunale prosjekt som tilpassa opplæring, lesing/språk og vurdering for læring. Alt dette bør sjåast i ein samanheng, og gjerast ei vurdering kor ein vil gå inn med ekstra ressursar til ei kvar tid.

Det er mange praktiske og økonomiske tilhøve som må belysast og ikkje minst må det til eitsamarbeidsforum mellom vidaregåande skule og ungdomsskulane. Slik det har vore no hardet vore samarbeid vedkomande berre enkeltelevar. Dersom ein legg opp til grupper av elevar,vil det krevja mykje meir tilrettelegging. For to av skulane våre (Nysæter og Nordbygdo) vilog dette med skysskostnader vera eit viktig moment.

Denne hausten er det viktig å få på plass arbeidet med valfag. I tillegg skal ein inn i samarbeid med vidaregåande om å gje ekstra undervisning i basisfag i høve overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande gjennom NyGIV prosjektet, målgruppa for dette prosjektet er dei 10 % elevane som har svakast resultat. Målet med denne satsinga er å redusera fråfall frå vidaregåande opplæring.

Fleire fag i vidaregåande for ungdomskuleelevar, arbeidslivsfag og NyGIV er alle statlege satsingar som det ikkje vert gitt ekstra ressursar til å organiser. I skulen. Komande haust vil det vera valfaga som får høgast prioriter av dei statlege satsingane. Våren 2013 skal NyGiv organiserast i ungdomsskulane. Ungdomsskulane har og arbeidd ein del med organisering av arbeidslivsfag, men valde å nedprioritera det då pålegget om valfag kom. I tillegg til dette kjem driftsomlegging som fylgje av reduserte økonomiske rammer.

Fag på vidaregåande kan vera ein måte å vidareutvikla prosjektet tilpassa opplæring med særleg med tanke på dei elevane som er kome langt. Det bør då innarbeidast i skulane sine handlingsplanar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**