Kunnskapslaus Kunnskapspolitikk

Lesarbrev om nynorsk, av Geir Angeltveit.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


I dagens Sunnhordland, 03.10.12 har eg eit lesarbrev på trykk i Sunnhordland, inspirert av Sveinung Rotevatn (leiar i Unge Venstres) kronikk i Firdaposten om nettopp språkpolitikk.

Kunnskapslaus kunnskapspolitikk

Korleis skal me organisera den framtidsretta skulen? 26. september kunne ein lesa eit lesarbrev av John Helge Skår frå Fremskrittspartiets Ungdom i Sunnhordland. Han og Frp ynskjer mellom anna å fjerna sidemålsundervisinga. Dei meiner at utviklinga av den norske skulepolitikken burde vera at ein fjernar kunnskap frå skulepensum.

Frp, saman med den raudgrøne regjeringa og Høgre, går til effektivt åtak på nynorsken. Det er gjort kjent av regjeringa med SVs kunnskapsminister Kristin Halvorsen arbeidar med å fornya norskfaget, og vurdera der å fjerna sidemålskarakteren. Dersom dette kjem opp på Stortinget vil det få full stønad frå Høgre og Frp. Å fjerna sidemålskarakteren vil vera aktiv dødshjelp for nynorsken. Den store majoriteten av elevar i Sunnhordland nyttar nynorsk som hovudmål. Desse elevane vil sjølvsagt framleis få sine eksamenar og undervisning på nynorsk. Men kva har det å seia om elevane ikkje kan nytta det til noko? Som fort vert ein konsekvens dersom ikkje også bokmålselevar lærar begge skriftspråka våre, slik nynorskelevar må, i vår hovudsakleg bokmålsdominerte media-verda. Som i kraftige ordelag vil vera enden på soga for språket til 600.000 nordmenn. Konsekvensen vert då fort slik at oss minoritetsspråklege ikkje lenger får samhandla med andre, korkje private eller stat, på vårt morsmål.

Høgre presenterte nett sitt utkast til stortingsprogram, der dei stadfestar at dei ynskjer å avskaffa obligatorisk skriftleg sidemål. Det er for så vidt kjend frå den kanten, det som er nytt denne gongen er det at Høgre ynskjer å fjerna retten til å kommunisera med staten på si eiga målform. Med tanke på at statsforvaltninga er sementert i Oslogryta, kan me lura på kor mykje informasjon me kjem til å få på vår eigen målform, om Høgres framlegg skulle verta gjennomført.

Tek tak i feil ende

Hovudargumentasjonen for å fjerna karakterar i sidemål er valfridom. Det har blitt vanleg å sjå desse partia sporadisk misforstå liberale omgrep. Skal ein fjerna sidemålet fordi nokon ikkje likar det? Kva med Pythagoras, ein vrien kar for mange? Og var det slaget ved Fitjar eller Fedje? Og Darwins evolusjonsteori kan vel folk googla på fritida?

Når den raudgrøne regjeringa, Høgre og Frp argumenterer for «valfridom», så tek dei tak i ein problematikk frå feil ende. Det eine argumentet er at brukarar utanfor nynorskområda har det vanskelegare for å læra nynorsk enn motsett. Og vert difor ramma med dårlegare karakterar før opptak til vidaregåande og/eller høgare utdanning. Sidemålskarakteren trekk ned snittet.

Bøker, skole

Foto: Microsoft

Denne argumentasjonen er enkel å forstå, men baserer seg på feilaktige føresetnader. I Venstre sitt utkast til stortingsprogram står det at me ynskjer at høgskulane og universiteta sjølv skal avgjera kva (karakterar) dei meina skal leggjast til grunn for opptak til høgare utdanning. Til dømes skulle Psykologisk Fakultet ved UiB seie at mine karakterar i psykologi, biologi, engelsk, norsk og samfunnskunnskap skulle telja, eller verta vekta, eller nyttast slik dei ser er vitskapleg best for å rangera inntak etter dei beste kandidatane til sine utdanningsløp ved universitetet. Folk har forskjellige kvalitetar, men no skal alle gjennom same A4 skulesystemet, der ein lapskaus av karakterar og emne skal avgjera di evne til å spesialisera deg på høgare utdanning. For nokon som vil studera ingeniør er kanskje ikkje gym og spanskkarakteren deira særskild viktig for kor gode dei vil vera i ingeniørfaget. Folk er ulike, og eit opptakssystem til høgare utdanning bør spegla dette. Då vert det usakleg og lite framtidsretta å villa fjerna kunnskap frå grunn- og vidaregåande skule, slik at elevar missar mogelegheit til å visa sine eigenskapar i breiare grad.

Elevar på barneskulen burde også introduserast for fleire sidemålsbøker tidlegare. Oss nynorskbrukarar måtte «stri» med bokmålsversjonar av Hobbiten, Harry Potter, internett og teikneseriar. Ved å tilby skulebøker på eit tidleg nivå vil ikkje nynorsk vera så uvant for bokmålsbrukarar, på same vis som det ikkje er unormalt for nynorskbrukarar med bokmål. Venstre vil at ein t.d. skal kunne få ei nynorsk naturfagbok eller mattebok osb. om ein er bokmålsbrukarar og motsett. Born er mykje flinkare å læra språk enn det oss vaksne er.

La oss heller få reell valfridom og reell individuell behandling, heller enn å forkle eit nynorskhat som noko anna enn det det er.

 Magne Rommetveit (Ap)

Magne Rommetveit (Ap)

 Øyvind Halleraker (H)

Øyvind Halleraker (H)

Tar «regionens» utsendingar til motmæle?

Eg har ikkje fått med meg at korkje Øyvind Halleraker (H) og Magne Rommetveit (Ap) har ytra seg korleis dei ynskjer å forsvara sunnhordlendingar (og andres) språklege rettar i møte med åtaket på nynorsken. Eg vert uroa av denne apatien.

Venstre meiner at staten er til for borgarane, ikkje omvendt. Nynorsk er ei offisiell målform i Noreg, og me som nyttar denne må kunna kommunisera med våre eigne styresmakter, på vårt eige mål. Om me framleis ynskjer å ha likestilte målformer, er det naudsynt at alle elevar får god undervising og vurdering i både nynorsk og bokmål.

Det komande stortingsvalet vert avgjerande for nynorsken framtid. Det er eit slag oss som er glad i nynorsken ikkje kan tapa. Som Ivar Aasen sa det, «det er for seint å stengja buret når fuglen er flogen.»

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Med liberal helsing
Geir Angeltveit,

Målmann og kommunestyre-
representant Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**