Næringsutvikling i Stord kommune

I torsdagens Sunnhordland avis skriv Håkon Frode Særsten om ståa i næringsutviklingsarbeidet i Stord Kommune og kva ein arbeidar med for tida for å effektivisera denne drifta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Noreg hamnar i bakevja når det gjeld innovasjon, og andelen borgarar som driv entreprenørskap og gründerverksemd er monaleg redusert dei siste åra. Eit av problema er tilgang på kompetanse for å arbeida seg gjennom byråkratiets papirmølle og for å sikra kapital i den kritiske fasen frå idé og oppstart til ferdig produkt.

Håkon Frode Særsten

Foto: Faksimile Bladet Sunnhordland

Venstre fremjer difor fleire ulike tiltak på nasjonalt plan, både skattemessig og omlegging av det offentlege verkemiddelapparat for å styrkja kapitaltilførsel i den kritiske perioden, for å på den måten sikra framtidig utvikling av kultur for innovasjon- og entreprenørskap.

Stord Kommune har i ein lang periode «desentralisert» den primære næringslivssatsinga. Dette tyder at det er lagt til SNU, som har fått overføringar frå Stord Kommune for å ivareta den funksjonen. Dette har vore utført tilfredsstillande, sjølv om ein alltid kunne tenkja seg at den var meir aktiv eller meir omfattande enn ein har hatt ressursar til. Stord Kommune har også engasjert seg i næringsutviklingsselskapet Atheno AS, som har vore ein aktør både lokalt og regionalt.

Begge organisasjonane gjer ein god jobb og har utretta gode ting for næringsutvikling på Stord. Ein må likevel spørja seg om det er formålstenleg å ha to slike organisasjonar som arbeidar parallelt mot det same målet, og som mogeleg til tider vil konkurrera på same arena. Difor har komité for Næring, Miljø og Kultur bedt styre i SNU og styre i Atheno AS om å vurdera ein fusjon.

Person

Foto: freedigitalphotos.net

Den prosessen er viktig og er no i sluttfasen, noko som førar til ei høgare utnytting av ressursane, og meir næringsutvikling for pengane. Atheno AS bør føra tradisjonen med førstelineteneste for utvikling av næringsliv, knoppskyting/nyetablering i Stord kommune vidare. Det er spesielt viktig no som me står framføre nokre positive og gode år i Sunnhordlands- industrien, for det er i gode tider me skal sikra dagane som kjem seinare. Når ein veit at talet kvinnelege gründerar er dalande, er det godt å sjå at ein har eit prosjekt på Stord som kallast «kvinnovasjon», som skal motarbeida denne trenden. Det vert sagt at dei arbeidsplassane som anset våre born og barneborn enda ikkje er oppretta. Difor er dette arbeidet som Atheno gjer så viktig, me vil sjå resultat av dette i åra framover.

På Stord har me ein god tradisjon for næringsutvikling og «spinnoffs» frå den etablerte industrien. Utfordringa for nyetablerte i 2012 er forskjellig frå det det var for nokre år sidan, difor er det viktig å ha eit «støtteapparat» for at ein kan kryssa dei byråkratiske barrierar, så etablerarane kan ha fokus på sin idéutvikling. Ved å styrkja og samla denne funksjonen i ein organisasjon vil me tilretteleggja for næringsutvikling i framtida. Stord Venstre støttar denne prosessen og ser fram til dette vil kunna utvikla berekraftige næringar i regionen.

Håkon Frode Særsten

Foto: Særsten

Med liberal helsing,

Håkon Frode Særsten
Leiar Stord Venstre
Kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**