UNDERSKRIFTSKAMPANJE: Helsetilbodet i Sunnhordland og Hardanger

Den 12.03.13 vart underskriftskampanjen «Redd helsetilbodet i Sunnhordland og Hardanger» starta av Stord Venstres kommunestyrerepresentant Geir Angeltveit. Etter dei mange nederlaga med omsyn til det lokale helsetilbodet, er det på tide å svara tydeleg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Stord Venstre

Den 10. april skal Helse Vest handsama ny plan for Kirurgien i det regionale helseføretaket. I denne planen ligg det mange formuleringar og mange utfall som kan få dystre konsekvensar for helsetilbodet i Sunnhordland. Samstundes har ein sett at det på Valen har store delar av verksemda og tilbodet vorte sentralisert til Haugesund. Inne i Odda har situasjonen vore enda meir dyster lenge, og ein har sett eit fødetilbod som har vorte sterkt svekka. Samstundes som andre helseføretak satsar på lokale Barne- og ungdomspsykiatri fasilitetar så har også desse vorte sentralisert til Haugesund.

På bakgrunn av desse og andre saker er det på tide å setta foten ned. Me kan ikkje sitta stille og sjå på at helsetilbodet sakte men sikkert vert bygd ned og sentralisert vekk. Me treng eit lokalt helsetilbod som gir ein trygghet til innbyggjarane. Det ser me at vert umogeleg med Helse Fonna.

Difor ynskjer me ei overflytting til eit Helse Hordaland. Denne underskriftskampanjen går ut på at ein må frå sentrale myndigheiter avklara kva det er ein eigentleg ynskjer at lokalsjukehusa skal vera. Og gje informasjon nok til at ein kan få ei føreseieleg framtid, eller plassera sin valseddel med tilstrekkeleg bakgrunnsinformasjon.

Den 4. April vert det arrangert eit ope folkemøte i auditoriet ved på Stord Vidaregåande Skule avd. Saghaugen. Dette møtet vil inkludera ein presentasjon frå Administrerande Direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, Nils Johan Ystanes frå Folkerørsla for Lokalsjukehusa kjem og tidlegare leiar ved medisinsk klinikk på Stord Sjukehus, og fylkestingspolitikar Anne-Beth Njærheim. m.m.

Møtet byrjar kl. 18.00
4. April
Stord Vidaregåande Skule

knapp


(eller trykk her for å skriva under på kampanjen.)

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Mvh,

Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**