Ope møte om Helsepolitikk!

Den 4. april kl. 18.00 vert det arrangert eit ope helsepolitisk møte ved Stord Vidaregåande Skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Torsdag 4. April
Kl. 18.00
vert det arrangert eit ope folkemøte i auditoriet ved på Stord Vidaregåande Skule.

Dette møtet vil inkludera ein presentasjon frå Administrerande Direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, Nils Johan Ystanes frå Folkerørsla for Lokalsjukehusa kjem samt tidlegare leiar ved medisinsk klinikk på Stord Sjukehus, og fylkestingspolitikar Anne-Beth Njærheim. m.m.

Møtet er ope for alle, det er god plass! Det vert sjølvsagt mogeleg å stilla spørsmål til personane.

Forskning, medisin, helse

Foto: Microsoft

Det er mykje som skjer kring helsetilbodet i Sunnhordland og Hardanger for tida

I Hardanger ynskjer dei å verta flytta over til Helse Bergen snarast, i Sunnhordland ynskjer samarbeidsrådet dessverre å prøva litt meir med Helse Fonna. Samstundes som fleire tenester vert flytta frå våre regionar og til Haugesund. Tydelege eksempel er det frå Valen nyleg, ved Barne- og ungdomspsykiatrien på Stord, og Helse Vest har tatt avgjersla om at Odda skal vera ein del av Helse Fonna også framover.

Den 4. april skal Helse Vest vedta Plan Kirurgi 2013-2017. Dette er ein plan som har mange formuleringar og mål som er veldig uoversiktlege og utydelege. Men det er fleire som har kome med stor uro om kva denne planen vil medføra. I verste fall vil omorganiseringa av ortopedien (traumevakt ved eit sjukehus) m.m. medføra i ein dominoeffekt at anestesi og dermed føden vert svekka. Ein omtalar ikkje tilbodet ved lokalsjukehusa, men heller helseføretaka.

Ein annan sak som kjem opp i Plan kirurgi er at det må snarast opprettast eit urologiutdanningstilbod i Helse Fonna, det står ikkje ved kva sjukehus dette skal leggast ved. Så ein får sjå om det vert lagt ved Haugesund eller ei. Det hadde vore kjekt å sett dette nye tilbodet vorte lagt til ein annan stad enn Haugesund.

Underskriftskampanje
I samanheng med dette har eg oppretta ein underskriftskampanje. Det er mogeleg å signera på nett. Det ligg også underskriftslista hjå Meny på Amfi, Kiwi i Sagvåg, Spar Haga og Ica på Bytunet.

TRYKK HER FOR Å SKRIVA UNDER PÅ KAMPANJEN.

Til: Helse- og omsorgsdepartementet.

Under Helse Fonna har helsetilbodet i Sunnhordland og Hardanger vorte svekka meir og meir over åra. Lokalsjukehusa i Odda, Kvinnherad og på Stord er svært viktige for helsetilbodet i regionen, og er mellom andre nokre av institusjonane som har vorte svekka. Me krev at sjukehusa vert ein del av eit nytt Helse Hordaland.

Lokalsjukehusa må kunne avlasta Haukeland ved at enkelte spesialiserte oppgåver vert lagt til ulike lokalsjukehus, og me krev kort tid og avstand til behandling ved akutte skadetilfelle. Utan akuttfunksjonar vert lokalsjukehusa utarma. Dette kan me ikkje lenger godta. Stortinget må fastsetja kva akuttfunksjonar som skal vere til stades på eit lokalsjukehus. Me vil at desse minimum skal ha akuttberedskap innan indremedisin, generell kirurgi og enklare ortopedi, fødetenester samt anestesi tilstrekkeleg for kirurgi, akutt indremedisin og fødselshjelp, og i tillegg røntgen og laboratorietenester som i det minste dekka behovet for akuttbehandling.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**