Ville liberalisere inntakskravene til deltidsstudier

Hvis ein meiner alvor og ønsker at folk tek høgare utdanning må ein gjera systemet så fleksibelt at det ikkje er ekskluderande,men inkluderande. Eg meiner at med dagens inntakskriterier til deltidsstudier mister ein mange potensiellt gode arbeidstakarar med ulike erfaringar og kompetanse, som aldri blir vurdert.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Ellen Oppsato Mikkelrud fra Ål Venstre på Venstres landsmøte 2013.

Ellen Oppsato Mikkelrud fra Ål Venstre på Venstres landsmøte 2013.
Foto: Tove Hofstad

Ellen Oppsato Mikkelrud hadde forberedt et innlegg for å liberalisere inntaksravene til deltidsstudier. Effektiv møteledelse gjorde at mange innlegg ble strøket fra talerlistene, deriblant Ellen sitt. Her kan du lese hva hun ønsket å sette fokus på.

Eg er veldig glad for andre del av dette forslaget. Den første delen gjer meg bekymra. Den høyrest for meg ekskluderande ut , særleg for dei som har ønske om studieplass ,men som har bakgrunn frå handverksfag eller anna ikkje akademisk virksomheit, og kansje ikkje altfor gode karakterar frå videregåande…

Deltidsstudie er ein flott mulighet for mange til å få seg ny utdanning, eller videreutdanning i vaksen alder. Problemet er at kriteria for å komme inn, i nokon tilfeller trøblete.
For å komme inn på f.eks vernepleierutdanning, sosionom, eller barnevernspedagogsstudie, krevst det minimum 2 års relevant praksis, eller minimum 50% fast relevant stilling i tillegg til gode nok karakterar sjølvsagt. Problemet er at for å bli tilsett i fast stilling, krevst det relevant utdanning… Altså, det eine slær det andre ihjel og det blir umulig å komme inn og i gang, med mindre ein velger 2 år med tilkalling, eller assistentvirksomhet i håp om at nokon i beste fall tilbyr eit lite vikariat.

Hvis ein meiner alvor og ønsker at folk tek høgare utdanning må ein gjera systemet så fleksibelt at det ikkje er ekskluderande,men inkluderande. Eg meiner at med dagens inntakskriterier til deltidsstudier,mister ein mange potensiellt gode arbeidstakarar med ulike erfaringar og kompetanse,som aldri blir vurdert.
“Relevant livserfaring” bør det heller heite i inntakskriteriene til fleire studier…ihvertfall til dei studiene der ein skal jobbe tett på mennesker.

Den teoretiske makta er stor. Me praktikera blir i mange tilfeller overkjørt i mangel på gode nok karakterer og for liten dokumentasjon og målbar praksis. Mange gode arbeidstakere gir opp pga rigide reglar. Dette er uheldig for balansen og verdien mellom det teoretiske og det praktiske i samfunnet. Saken er at me treng begge. Mester og master. Det eine bør ikkje utelukke det andre.
Utdanningssystemet må ha rom for egnaheit og personlege eigenskapar i større grad. Derfor må inntakskriteria gjerast mindre rigide.

Eg er ganske sikker på at vår generasjon, og dei etter oss, må stå lengre i jobb i åra framover enn det som er vanlig i dag. Difor meiner eg det er ei svært god investering for framtida å legge til rette for at flest mulig av dei som ønsker det, slepp til på studiemarknaden.

Me treng at ein og kvar får utvikle sitt talent og bli verdsatt for sine egenskapar i mykje større grad en det som no er tilfelle.Me treng kompetansesamarbeid,teoretisk og praktisk… Derfor må praktiske og kreative fag gis større verdi enn det me opplever idag.

Eg er difor veldig glad for at Venstre tar grep om dette, og seier noko om større frihet for utdanningsinnstitusjonane til å utforme eigne krav til dei ulike utdanningsløpa ved høgskolene.

Ellen Oppsato Mikkelrud, Ål og Buskerud Venstre
Venstres landsmøte 12.-14. april 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**