Lesarbrev: Du tar feil, Harry Herstad

Geir Angeltveit går ut mot kommentaren frå Harry Herstad der han kjem med tilsynelatande heilt eller stort sett feilaktige påstandar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Dette lesarbrevet var på trykk i Bladet Sunnhordland 25.04.2013.

Stord Venstre

Under debatten om konkurranseutsetjing kom Arbeidarpartiets Harry Herstad til å seie mellom anna;

«Veit du kor pengane, fortenesta for alle private eigarar av sjukeheim i Oslo går? Dei går til Sveits, i eit internasjonalt selskap. Som aldri betalar skatt, der dei tar ut skattepengar frå.»
Kommunestyremøtet 18. april. (Opptak på nett ca minutt 80:50.)

Eg undersøkte litt vidare dette, då det var heilt nytt for meg, og sikkert mange andre. Og fann ut at dette med stort sannsyn er heilt, eller stort sett feilaktig Som ein kan sjå av oversikta på Oslo kommunes nettsider.

Berre 20 av Oslos 50 sjukeheimar er private. Dei private vert drivne av diverse ideelle stiftelsar og kyrkjelydar (13), Unicare (2), Attendo (2), Aleris (1) og Norlandia Care (2). Det er altså berre 14% av Oslos sjukeheimar som vert driven av kommersielle aktørar, altså ein tredjedel av dei private! Så det er feil allereie her.

Dei kommersielle sjukeheimane er om noko litt større enn dei ideelle og dei kommunale, så det vert nok ein høgare andel av bebuarar i ein kommersiell sjukeheim, men det er ikkje snakk om noko overvekt.

Harry Herstad, gruppeleiar Stord Arbeidarparti

Harry Herstad, gruppeleiar Stord Arbeidarparti
Foto: Stord.kommune.no

Når det gjeld kor overskotet frå dei 7 kommersielle sjukeheimane går så finn eg ingen opplysningar i korkje Brønnøysundregistrene eller på deira eigne nettsider som tilseier at dei er eigd av sveitsiske selskap. Dei er alle saman basert i Noreg og/eller Norden. Eg kan ikkje garantera at skatteplanlegginga overhovudet ikkje føregår, men Oslo Kommune stillar strenge krav til at lovar og reglar vert overhalde, sjølvsagt inkludert det som går på skattar, avgifter og generelle reglar for etablering av internasjonale selskap i Noreg.

Eg vil gå så langt å anta at det Harry Herstad sa, er tatt ut av lufta. Sjølv om eg ikkje kan garantera at kr 0,- endar opp i Sveits. Skulle det derimot vera tilfellet så er det all mogeleg grunn til å tru at det er innanfor det nasjonale regelverket som Arbeidarpartiet og dei raudgrøne har stortingsfleirtal til å avgjera. Og eventuelle lovbrot Herstad måtte vera kjend må jo sjølvsagt verta følgt opp om det vert avdekka. Men eg tvilar sterkt på at det siste er tilfellet, då det har vore høgt medvit kring slik mishald den seinare tida, men aldri mogeleg å vera 100% sikker. Tar eg heilt fullstendig feil, så tar eg sjølvsagt imot kritikk på det.

Og ein kan godt titulera meg som Unge Venstre, Harry. I den samanheng så set eg min lit til BT-kommentator Frøy Gudbrandsen; «Sjølvsagt er Unge Venstre nokre provoserande villstyringar. Men dei har rett likevel.»

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Med venleg, og alltid liberal helsing,

Geir Angeltveit

Kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**