Stillar spørsmål om pollenstrategi og betring av tilhøva for pollenallergikarar

No er pollensesongen over oss, og mange slit med plager. For mange kan dette betrast med enkle grep, om ein tar fatt i det og gjer nokre endringar. Det vil me gjere noko med!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Etter ein lang og svært kald vinter, står no endeleg sumaren for døra. Dessverre er ikkje dette ei gledes tid for alle stordabuarar. For dei med astma, allergi eller anna overkjensleg varsemd innebera sesongen me er inne i no, auka risiko for helseplager.

 Pollen frå planter som denne hasselen kan gje store plager for mange, spesielt i nærleiken til bygg ein nytter ofte.

Pollen frå planter som denne hasselen kan gje store plager for mange, spesielt i nærleiken til bygg ein nytter ofte.
Foto: www.udstuen.net

Gras, burot og trer er vindbestøva og gir frå seg pollen til lufta. Om dette skjer nær bustadar, barnehagar, skule, sjukehus m.m. kan det skapa allergiproblem både innandørs og for dei som går ut og inn av bygga. Dette gjeld i pollensesongen for kvar plante. Rakletrer har pollensesong frå februar/mars, (or, hassel) til eit godt stykke ute i mai (bjørk). Gras har pollensesong frå tidleg juni til ut juli. Burot blomstrar i august og september.

Det er påvist klåre psykiske og fysiske helsemessige fordelvar ved å bevega seg i eit grønt miljø. Både planter inne og utsyn til planter gjennom vindauga gir auka trivsel. Av di er det viktig at plantene som vert vald inne og i nærleiken av bygg tålast av flest muleg, og er allergivenlege. Det finnes mange allergivenlege planter, busker og tresortar som kan nyttast. I fleire andre kommunar har dei folkevalde eit aktivt forhold til denne problemstillingar, og vel konsekvent vekk «allergisinte» planter. Tiltaket er svært enkelt, og hjelper veldig mange.

Spørsmål: Har kommunen oversikt over omfanget av «allergisinte» vekstar i nærleiken av grunnskular og barnehagar i kommunen, og har kommunen noko strategi for å sikra at born med astma, allergi eller anna overkjensleg varsemd får oppleva gleda ved tilstedeværing av planter/blomar utan auka risiko for helseplager?

Spørsmålet er formulert etter inspirasjon frå bystyrerepresentant i Bergen, Idun Bortne.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit

Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**