Venstre ynskjer grøn fondsforvalting

Siste kommunestyret før sumaren så tar Venstre opp korleis kommunens fondsforvaltning i større grad kan vridast mot eit klimavenleg tiltak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


På det siste kommunestyremøtet før sumaren tar Venstre opp forvaltinga av kommunens ulike fond. Me ynskjer å få ei oversikt over alle kommunens fond, fondsinvesteringar og forvaltarane av desse. Og me ynskjer ein debatt og votering kring «Stord Kommune startar ein prosess for å vurdera mogelegheitene av å sikra ein grøn, miljøvenleg profil på kommunen sine fondsinvesteringar, utan at det svekkjar dagens krav til avkastning og risiko. Ei eventuell avgjerd om å innføra krav til «grøn finansforvaltning» vert ein å koma attende til som ei eiga sak.»

 Venstres ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.

Venstres ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.
Foto: –

Bakgrunnen for denne saka er inspirasjon frå Venstreordførar i Eid Kommune, Alfred Bjørlo. Som tar opp same problematikken.

Kan me forsvara overfor våre framtidige generasjonar at me set milliardar av offentlege kroner inn på å «vedda mot framtida», og investera i selskap der verdiane er bygd på at me skal utvinna dei 2/3 av verdas fossilreservar so m forskarane seier må ligga i bakken, om ikkje klimaendringane skal koma ut av kontroll? Tør me ta risikoen på å gambla med vår felles formue på at FN og det store fleirtalet av forskarane i verda tar feil i klimasaka?

Skal Noreg med vår enorme finansformue bidra til å framskynda overgangen frå eit fossilsamfunn til eit fornybarsamfunn, eller skal me investera i å forseinka og obstruera den overgangen som uansett må koma?

Denne debatten er i gong i heile verda. I USA har store byar som Seattle og San Francisco allereie trekt investeringar ut av fossilindustrien. Store selskap som Adidas, Nike, Intel, Starbucks og Timberland utfordrar myndigheitene til å vurdera det same . I Sverige er grøne finansprodukt ein sjølvsagt del av porteføljen for mange finansforvaltarar, og blir etterspurt av både private, offentlege og institusjonelle investorar.

 Venstre skåra høgst av stortingspartia i målinga til Fremtiden i våre hender.

Venstre skåra høgst av stortingspartia i målinga til Fremtiden i våre hender.
Foto: Klimavalg 2013

Leiande økonomar snakkar no ope om ei mogleg «karbonboble» på verdas børsar, og kva som vil skjer dersom denne sprekk. Til og med vår eigen sentralbanksjef, Øystein Olsen, understrekar no at me må forventa at oljeprisen vil stupa umiddelbart dersom det kjem på plass internasjonale klimaavtalar noko som berre er eit spørsmål om tid. Så sjølv om debatten så smått er i gong også i Noreg, er han framleis berre på skrivebordsstadiet. Det er ikkje godt nok.
Stord kommune bør ikkje gamble, ikkje setja fellesskapets pengar på spel. Stord Venstre ynskjer at me skal utfordra våre finansforvaltarar til å sjå på kva mogelegheiter som finnes på marknaden i dag for å gje Stord Kommune sine fondsmidlar ein «grøn profil.»

• Kommunen er ein langsiktig investor som må sjå minst ti, tjue og tretti år fram i tid. Dette handlar ikkje om å «avblåse oljealderen» over natta. Noreg lev godt, og vil framleis leva godt av olje og gass ei stund til. Men ikkje for alltid.

• Verdssamfunnet er samd om at olje, kol og naturgass av klimaomsyn over tid skal erstattast med fornybare energikjelder. Å plassera offentlege fondsinvesteringar i selskap som berre vil gje avkasting dersom klimapolitikken slår feil, er direkte uansvarleg.

• I følgje Det Internasjonale Energibyrået (IEA) må 2/3 av verdas kjente fossilreservar verta liggande urørt dersom me skal unngå ei global oppvarming på meir enn to grader (to -gradersmålet.) Mange fossile selskap har i dag bokført store reservar som ikkje kan utvinnast dersom to-gradersmålet skal nåast. Dette er reservar utan verdi dersom klimapolitikken skal takast på alvor.

• Fornybar energi og klimavenleg teknologi treng investeringar noko som vil utløysa vekst og verdiskaping over heile landet, ikkje minst i Hordaland og på Vestlandet. Me helsar overgangen til fornybarsamfunnet velkomen. Eg trur me på Vestlandet vil koma godt ut av det også slik ein har gjort det ved alle verdas energirevolusjonar dei siste hundre åra. Det handlar om å vera i forkant og sjå mogelegheiter, framfor å stikka hovudet i sanden og håpa endringane ikkje kjem.
Ynskjer ein at klimapolitikken vert tatt seriøst, lokalt, regionalt og nasjonalt, er Venstre det naturlege valet. Det er mange kommunar og store ressursar som direkte går imot klimavenleg forvalting. Me ynskjer at Stord skal vera ein del av løysinga, ikkje ein del av problemet.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit

Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**