Venstre om nynorsken

Terje Breivik skriv om Venstres forhold til nynorsk, samt eit tilsvar på eit lesarbrev frå Eigil Knudsen, ungdomskandidat til Hordaland Arbeidarparti.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Nynorsken treng eit sterkt Venstre

 Terje Breivik, 1. kandidat til Stortinget for Hordaland Venstre. Her frå eit møte på Stord Rådhus.

Terje Breivik, 1. kandidat til Stortinget for Hordaland Venstre. Her frå eit møte på Stord Rådhus.

Kunnskapsdepartementet vedtok førre veke ny læreplan for norskfaget. Det var heilt naudsynt. Venstre registrerar med glede at Kristin Halvorsen snudde, og sikra ein læreplan som styrkar sidemålet — og såleis også nynorsken — sin plass i norskfaget. Venstre er garantisten for nynorsken sine kår i ei blågrøn regjering etter haustens val.

Heilt sidan hamstellingsvedtaket i 1995 har Venstre stått på nynorsken si side. Me har måtte tole angrep frå både venstre- og høgresida, men har stadig kjempa for språkleg mangfald og fridom. Til hausten går me igjen til val på å styrke nynorsken sin posisjon i både norskfaget og i samfunnet.

Der Arbeidarpartiet ikkje nemnar sidemålsordninga med eit einaste ord i sitt program, og Høgre og FrP går til val på valfritt siemål, er ei stemme til Venstre ei viktig stemme for nynorsken. Høgre vil sågar fjerne retten til å kommunisere med staten på eigen målform.

For Venstre er staten til for borgarane — ikkje omvendt. 38,8% av elevane i Hordaland har nynorsk som hovudmål. Vel 600 000 mennesker i Noreg skriv nynorsk. Nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, men like fullt eit stort språk i verda. For at me som skriv og er glade i nynorsk skal få bruke språket vårt er det avgjerande at elevar i norsk skule får god opplæring og blir vurderte i både nynorsk og bokmål.

Språkleg mangfald har ein verdi i seg sjølv, for einskildmennesket, og for samfunnet. Studiar har vist at opplæring i både nynorsk og bokmål aukar den totale språkkompetansen — og den generelle skulefaglege utviklinga. Kanskje er dette ein av årsakene til at elevane i Sogn og Fjordane gjer det så godt på skulen? Det er eit stort paradoks at parti som set personleg frdom og kunnskap i skulen høgt vel å sjå vekk frå dette.

Sidemålsopplæring i skulen er eit av fleire døme som syner skilnaden på ei blågrøn og ei mærkeblå regjering. Ei mørkeblå regjering med berre Høgre og framstegspartiet vil vere ein trugsel for sidemålsopplæringa. Ei blågrøn regjering med eit sterkt Venstre vil styrkje ho.

Venstre vil framleis gje elevane opplæring i sidemålet på eit tidlegare klassetrinn enn i dag, og vil la dei møta nynorske tekstar i alle fag. Slik vil me styrke nynorsk som bruksspråk. Då treng me styrke frå veljarane. Språkåret 2013 er eit godt høve til å gje oss den styrken.

Terje Breivik

Terje Breivik

1. kandidat til Stortinget

Hordaland Venstre

Eigil Knudsen kjem med dette svaret torsdag 8. juli. Terje Breiviks svar finn du under denne lenkja.

Til side for sidemålet

Arbeidarpartiet sin ungdomskandidat i Hordaland, Eigil Knutsen hevdar 2. juli, i eit tilsvar til mitt førre innlegg at Venstre er ein fare for nynorsk. Det er ikkje rett. Det krev stort mot av ein Arbeidarpartipolitikar å hevde at dei vil sikra nynorsken sine kår. Ingen veit til dømes kva Arbeidarpartiet vil gjere med sidemålsopplæringa — knapt nok dei sjølve. Verken «Sidemål» eller «nynorsk» er nemnd i stortingsvalsprogrammet deira.

Venstre er glad for at Kunnskapsdepartementet sikra sidemålet sin posisjon i norskfaget, med mellom anna eigen karakter. Det er meir enn Arbeidarpartiet sin eigen kulturminister, Hadia Tajik, ynskte. Ho har argumentert for éin samla norskkarakter — vel vitande om at karakterar er undervisningsstyrande, og avgjerande for å sikre god opplæring og vurdering i både nynorsk og bokmål.

Min bodskap er enkel: Ynskjer du som veljar å ta vare på nuynorsken, bør du stemme på eit parti som ynskjer det same. Blir det eit borgarleg fleirtal etter valet, er det stor skilnad på ei blågrøn regjering med eit sterkt Venstre, og ei mørkeblå regjering utan Venstre.

Til skilnad frå Knutsen går eg til val på eit program som seier kva eg vil med sidemålsordninga. Venstre vil trygge nynorsken sin posisjon i skulen og i samfunnet. Det krev god sidemålsopplæring i skulen. Me vil la elevane møte både nynorsk og bokmål i alle fag, og på eit tidlegare trinn enn i dag. Me vil halde på dagens sidemålskarakter, og halde fram kampen for språkleg mangfald i samfunnet.Det har ein verdi i seg sjølv, for kvar enkelt, og for samfunnet. Og for kunnskapspartiet Venstre.

Terje Breivik

Terje Breivik

1. Kandidat til Stortinget

Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**