Ynskjer panteordning på friluftsbåtar

Geir Angeltveit slår eit slag for vrakpant på fritidsbåtar, campingvogner og lastebilvrak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Fritidsbåtar er eit aukande miljøproblem. Det treng det ikkje vera. Venstre ynskjer å innføra ei panteordning som gjer at båtar ikkje treng å belasta naturomgjevnadane når dei er vraka, seier Geir Angeltveit.

Båtar som ikkje lenger er ynskja vert ofte søkte, brent på bål elelr sett igjen av eigaren. Kvart år møter omkring 5.000 båtar denne lagnaden. Berre eit fåtal vert levert til godkjende mottak.

båtvrak 2

– Det er eit stort og sjenerande miljøproblem for folk flest, som må løysast, seier

 Båtvrak som desse er noko av det Angeltveit ynskjer å koma til livs.

Båtvrak som desse er noko av det Angeltveit ynskjer å koma til livs.

Angeltveit.
Venstre vil innføra ei panteordning for fritidsbåtar for å stimulera til at eigarane av båtane leverar dei inn til avfallshandtering eller gjenvinning.

– Me har allereie ei slik ordning for bilar som fungerar veldig bra. No er det på tide at me også utvidar ei slik panteordning for å gjelda fritidsbåtar, campingvogner, buss- og lastebilvrak, fortset Angeltveit.

Venstre foreslo difor i Stortinget å setja av 52 millionar til ei slik panteordning.

Dersom panten vert sett til 2.500, har Finansdepartementet rekna ut at det vil kosta 14 millionar for fritidsbåtar, 8 millionar for campingvogner og ca 30 millionar for bussvrak- og lastebilvrak.

– Denne ordninga vil gjera det lettare å ta grøne val i kvardagen, seier Angeltveit.

Lenge var dei skjemmande vraka eit nærmast uløyseleg miljøproblem. Det er det ikkje lenger. Mange av småbåtane består av komposittmaterial — tverrbunden polyester og glasfiber. Lett, men samstundes sterkt materiale som ikkje lar seg enkelt nedbryta, i motsetnad til plast i handleposar som lett kan smeltast og bearbeidast.

– Men no har forskarar ved SINTEF IKT i Trondheim løyst gjenbruksproblematikken. I løpet av prosjektperioden over tre år har SINTEF utvikla ein kjemisk prosess som skiljar polyester og glasfiber så begge produkta kan nyttast om att. Resultata er banebrytande, også internasjonalt, ifølgje forskningssjef Fabrive Lapique. No gjenstår «berre» apparatet og naudsynte lovverk som skal til, sluttar Angeltveit.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**