Ein av generasjonens større kampar

Geir Angeltveit tar eit oppgjer med lokale stortingskandidatar og andre som ikkje tar omsyn til personvern når dei utformar og vedtar politikken sin. Venstre står støtt på personvernet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Dette lesarbrevet var på trykk i Bladet Sunnhordland måndag 26. August 2013.

Stopp DLD

Foto: Lars-Henrik

I 2011 vedtok Stortinget, med fleirtal sikra av Høgre og Arbeidarpartiet at ein i Noreg vart å innføra Datalagringsdirektivet (DLD). Eit direktiv som nok for mange er framand. Ungdom, it-byrå og datakyndige instansar som Forsvaret, Datatilsynet, ALLE norske ungdomsparti var og er kritiske til innføringa av DLD.

Kva er eigentleg DLD? Det er eit system som pålegg teleoperatørar å lagra informasjonen frå din telekommunikasjon. Kven du sendar meldingar til, epostar til, ringer til, kor du er når du ringer, sender e-post eller melding. Og lagrar dette i eit halvt år. Dette ynskjer faktisk Høgre og Arbeidarpartiet av prinsipp at ein skal gjera, men ein har enda ikkje prestert i verken statsbudsjettet til dei raudgrøne eller Høgres alternative statsbudsjett å finna rom for denne investeringa på 360 millionar kroner.

Wire

Foto: stock.xchng

Datalagringsdirektivet har vorte innført i Tyskland, der det ikkje har hatt noko kriminalitetsførebyggjande påverknad, tvert imot, kriminaliteten har faktisk auka etter innføringa. Høgre har gått til val på tillit til einskildmenneska. Men det visar dei ikkje når dei ynskjer å overvaka samtlege borgarar i dette landet. Og med Arbeidarpartiets tvilsame haldning til overvaking og personvern så kunne ein vel ikkje forventa noko anna. Gjer du ingenting ulovleg har du ingenting å frykta, seier mange. Det er mykje rart eg driv med i min personlege sfære som verken er ulovleg eller gøy å dela med andre.

Når datakyndige tar seg inn på verdas sikraste databasar i Dei Forente Statar, kva står då til hinder for at det same skjer i Noreg? Det er nettopp dette Forsvaret fryktar. At såkalla meta-data skal verta tilgjengeleg for fientlege nasjonar. Me treng vel ikkje frykta at Stoltenberg eller Solberg plutseleg skulle verta diktatorar tatt ut frå George Orwells 1984? Eg ynskjer ikkje at politikarar skal ha slik makt. Det gir inga fordel, berre ein haug med ulemper og trugslar. Dei lokale mastodontane Magne Rommetveit frå Arbeidarpartiet og Øyvind Halleraker frå Høgre røysta begge to dette direktivet inn i april 2011. Dei ynskjer begge to å overvaka samtlege innbyggjarar i dette landet. Som to dropar vatn sitt dei på same side av ein knivsegg og går imot ei av vår generasjons store samfunnsmessige utfordringar. Tidlegare generasjonar har skaffa allmenn og kvinneleg røysterett, tatt kampen mot fascismen, rasismen og kommunismen. No står einskildindividets personvern og privatliv på spel.

Kamera

Foto: Ukjent

Dette direktivet rotnar innanfrå i EU der fleire og fleire kastar det frå seg, samstundes som overvakingsavsløringane i USA visar at det berre blir meir og meir av denne trugsla derifrå. Dei borgarlege opposisjonspartia Venstre, FrP og KrF har sagt at om det vert borgarleg valsiger så vert det kamp om Datalagringsdirektivet. SV og Senterpartiet var også mot DLD, men røysta i vår inn åndsverklova, saman med FrP, AP, KrF og Høgre. Hadia Tajiks nye åndsverklov gir private advokatfirma lov til å overvaka vanlege folk heilt utan vidare, den opnar for at private aktørar kan overvaka og henta ut ip-adresser (datamaskin-adresser) dersom dei trur at nokon bryt kopiretten. Dei kan gjera det utan å søka om konsesjon.

Den 9. September kan du vera med å påverka i kva retning Noreg skal gå inn i den digitale verden. Venstre vil grunnlovsfesta retten til privatliv, personvern og privat kommunikasjon, fjerna datalagringsdirektivet og endra åndsverklova, gi Datatilsynet meir myndigheit og sikra nettnøytraliteten.

Med liberal helsing,
Geir Angeltveit
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**