Fastleger og reservasjonsrett mot tilvising til abort

I eit ope brev i avisa Sunnhordland spør Kjersti Karlsen korfor Venstre ikkje ville signera på avtalen om å gje reservasjonsrett til legar. Geir Angeltveit svarar i Sunnhordland 8. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Dette lesarbrevet var på trykk i Bladet Sunnhordland 8. oktober.

Abort Venstre

Foto: Sunnhordland

Dette er eit svar til Kjersti Karlsens brev fredag om korfor Venstre ikkje var med på avtalen mellom Høgre, FrP og KrF om at fastlegar skal kunna reservera seg mot å informera om abort.

Sjølvsagt skal alle menneske ha retten til å avstå frå handlingar som strid mot eiga samvit. Men dei kan ikkje samstundes forventa å arbeida som legar. Om ein del av arbeidsoppgåva i ein jobb er uetisk for ein så kan ein ikkje utan vidare forventa å arbeida der. Legar kan fint arbeida som legar utan å vera fastlege. Det er ikkje noko pålegg eller tvang utover at ein må gjere heile jobben sin om ein vel å påta seg den jobben.

Det er allereie heimel i abortlova for at legar skal kunna seie nei til å utføra abort. Dette ordskiftet gjeld tilvising til abort. Og det er sjølvsagt heilt feil at kva tru din fastlege måtte ha skal avgjere kva informasjon du får om din helsetilstand.

Abort Helse

Å vera lege i Noreg er eit privilegium, ikkje ein gitt menneskerett. Å tilvisa til abort er berre ei av dei mange oppgåvene som inngår i jobben som lege, og ein bør kunna forventa at den tilsette, som i alle andre yrke, utførar arbeidsoppgåvene som står i arbeidsbeskrivinga. Uansett om legen tilvisar til abort eller om legen tilvisar til ei tilvising om abort er det legen sjølv som faktisk tek valet om å gjere den første tilvisinga. Det viktigaste i denne saka er omsynet til pasienten, ein fastlege er kvinnas primære lege. Det er den første legen du går til. Det å vera uønskt gravid, og så oppleva at legen din fordømmer det valet du, etter norsk lov, har lovfesta rett til er heilt absurd. For det andre, risikerer ein at viktig informasjon går tapt i tilvisinga fordi det er ein annan lege enn fastlegen som tilvisar. Skal sjølvsagt ikkje skje, men om det skjer kan det ha fatale konsekvensar. For det tredje, så kan det, særskild i grisgrendte strauk, der det er få fastleger og ein eller fleire har reservert seg (det kan også her verta press MOT legane om Å reservera seg), så kan kvinna/jenta verta nøydt til å reisa langt til ein ukjent lege. For det fjerde ser eg lite etisk dilemma i å tilvisa direkte kontra tilvisa til ein tilvisar.

Me har yrkesfridom i dette landet. Ein er ikkje nøydd å arbeida som fastlege eller gynekolog. Fastleger får store statlege overføringar, og då bør ein forventa at dei utførar dei lovpålagte oppgåvene dei skal gjere.

Eg håpar dette var ei tilstrekkeleg svar for deg. Venstre kan forhandla om mykje og mangt, men kvinners personlege/private/lovlege helseval er ikkje eit av dei.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**