Årsmelding og årsmøtereferat 2014

Her kan ein lese årsmeldinga og referatet frå årsmøtet i år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Håkon Frode Særsten

Håkon Frode Særsten

ÅM 1/14 — Opning og formalia

Lokallagsleiar Håkon Frode Særsten opnar møtet.

ÅM 2/14 — Val av ordstyrar og referent

Peggy vald som møteleiar, Geir som referent.

ÅM 3/14 — Årsmelding

Håkon Frode legg fram årsmeldinga for 2014. Vedlegg 1.
Årsmeldinga vert godkjent med nokre korrigeringar og tillegg.

ÅM 4/14 — Rekneskap og budsjett

Kasserar Kåre Løkhammer legg fram på møtet.
Manglar utbetalt kontingent frå sentralt, 2500-3000kr.
Me har eit overskot på 2510,- (+ kontingent). Og 24 254 (+ kontingent) på konto.
Vert å nytta meir i 2015-valkampen.

ÅM 5/14 — Val

Leiar: Håkon Frode Særsten (Gjenval)
Nestleiar Jorunn Fylkesnes (Gjenval)
Kasserar Kåre Løkhammer (Gjenval)
Sekretær Geir Angeltveit (Gjenval)
Styremedlem
– Astrid Larsen (Gjenval)
– Trond Hjartåker (Gjenval)
+ eit medlem oppnemnt av Sunnhordland Unge Venstre

Vara:
– Harald Nes (Gjenval)
– Odd Stuve Rommetveit (Gjenval)
– Ove Steinsland (Gjenval)

Revisor
– Else-Berit Helle (Gjenval)
– Peggy Bærøy (Gjenval)

Valnemnd:
– Astrid Larsen (Leiar)
– Else-Berit Helle
– Maria Irgens

ÅM 6/14 — Delegasjon til fylkesåremøtet

Val av fylkesårsmøtedelegatar (5)

Håkon Frode Særsten
Trond Hjartåker
Ove Steinsland
Maria Irgens
Jorunn Fylkesnes

Vara
Astrid Larsen
Else-Berit Helle
Harald Nes
Peggy Husevik Bærøy

Styret får løyve til å supplera varalista om naudsynt.

ÅM 7/14 — Val av programkomité

Val av programkomité. Leiar + 2 medlem + 2 vara.

Leiar — Geir Angeltveit
Medlem
– Peggy Bærøy
– Håkon Frode Særsten
Vara
– Astrid Larsen
– Trond Hjartåker

ÅM 8/14 — Fastsetting av lokallagskontingent

Dagens kontingent er på 50kr for elevar og studentar og 100kr for alle andre.
Inga endring av denne kontingenten.

ÅM 9/14 — Generell politisk debatt

Det vert debattert mellom anna om Stord som regionsenter, ferjesamband osb.

ÅM 10/14 — Politiske fråsegner

Ingen innmeldte fråsegner.

ÅM 11/14 — Eventuelt

Stord Venstre ynskjer å invitera Hordaland Venstre til fylkesårsmøte på Stord i 2015.

Årsmelding Stord Venstre 2013

I 2013 har desse vore i styret;
Leiar, Håkon Frode Særsten
Nestleiar, Jorunn Fylkesnes
kasserar, Kåre Løkhammer
sekretær, Geir Angeltveit
2 styremedlem, Astrid Larsen og Trond Hjartåker
3 vara, Odd Stuve Rommetveit, Ove Steinsland, Harald Nes.
Valnemnd, Else-Berit Helle, Astrid Larsen, Maria Irgens.
Revisor, Else-Berit Helle, Peggy Husevik Bærøy.

 Geir Angeltveit

Geir Angeltveit

Organisasjonen
Stord Venstre har per 01.01.13 30 betalande medlem. På same tidspunkt 2012 hadde Stord Venstre 31 betalande medlem, mot 26 i 2011 og 25 i 2010. Me held på medlemmane våre og har hatt ei utmelding og ei innmelding, samt ein som har flytta ut av kommunen. Ein har hatt nokre fødselsvanskar med det nye sentrale medlemssystemet som har medført at nokre ikkje har mottatt faktura. Ein ser naturleg for seg fleire betalande medlem for 2014.

Kommunestyregruppa
Dette året har Håkon Frode Særsten og Geir Angeltveit vore faste medlem av kommunestyret. Jorunn Fylkesnes og Odd Stuve Rommetveit har møtt som vara nokre gongar.
I formannsskapet har Håkon Frode møtt fast medan Geir Angeltveit har møtt nokre gongar som vara. HFS har overtatt som leiar av Komité for Næring, Miljø og Kultur etter permitert leiar Vibecke Beyer (H). Geir Angeltveit har møtt fast i komité for oppvekst og utdanning. Jorunn Fylkesnes har møtt fast i komité for rehabilitering, helse og omsorg. Odd Stuve Rommetveit har vore vara til forvaltningsstyret, Geir Angeltveit har vore vara til eldrerådet. Peggy Husevik Bærøy har vore fast i kontrollutvalet. Astrid Larsen har vore leiar av Friluftsrådet. Håkon Frode har også vore leiar av Utsmykkingsfondet.

Kommunestyregruppa har vidare i år også vore ein del av ein koalisjon som har måtta tatt vanskelege val. Eit trongt budsjett og mange viktige og intense saker har vore oppe dette året. Som den siste saka om ferjesamband mellom Stord og Kvinnherad. Året har derimot ikkje vore prega av lika stort press som året før, og saker som vidareføring av eigedomsskatten for å få økonomien på rett kjøl har vore stort sett problemfritt.
Stord Venstre har arbeida for ei vidare satsing på grøne tiltak og på at ein skånsamt skal få til endringane som trengs. Me har gått inn for å bevara framtidsretta tiltak som Sykkelby-prosjektet og Ungt Entreprenørskap. Samstundes som me har blitt kunst-partiet på Stord der Håkon Frode Særsten har fått forsvart «Fiskedama» («Fish Woman») meir enn ein gong.

Aktivitet
Håkon Frode Særsten, Trond Hjartåker, Maria Irgens, Odd Stuve Rommetveit og Jorunn Fylkesnes representerte Stord Venstre på fylkesårsmøtet på Voss 9-10. Februar. Geir Angeltveit reiste som delegat via Fylkesstyret i Hordaland Venstre.
Geir Angeltveit har vore fast medlem av fylkesstyret i Hordaland og har reist på landsmøtet i april i Bærum og var på landskonferansen i November i Oslo.
Stord Venstre har i 2013 oppretthalde den store aktivitetsauken frå 2012. Med hyppige møter og meir kommunikasjon har lokallaget hatt fleire oppslag, og gode debattar og vedtak før evt. Møter. Stord Venstre har opne gruppemøter, og desse har vore vitja 2-3 gonger i løpet av året, som regel av personar som er engasjerte i ei særskild sak.

Maria Irgens

Maria Irgens

Valkamp
Stord Venstre har vore ein aktiv bidragsytar i Stortingsvalkampen 2013 på øya. Me har hatt stands, hovudsakeleg i Borggato og på Amfi Senter, men også på Spar Haga. Samstundes som ein har gått dør-til-dør og levert ut i postkassar. På tross av at Venstre ikkje hadde nokon lokal kandidat på «sikker» eller topplass, slik KrF, AP, Høgre og FrP hadde, så var me det einaste Stortingspartiet som fekk framgang på øya og også representasjon frå fylket. SV og Senterpartiet gjekk tilbake, medan me gjekk fram til 4,5%.
Det er enklare å motivera til å driva valkamp når det er lokalval. Men me fekk veldig god respons frå medlem og fekk til mykje meir aktivitet i kommunen enn det ein hadde i 2009, og litt meir enn ein hadde i 2011. Noko som lovar godt for 2015.
Terje Breivik vitja også Stord i den hektiske valkampen, der han fortalte om Kapitalfunn og vitja Atheno. Atheno-leiar og journalist var overvelda og det enda i eit svært bra oppslag i avisa.

Stord Venstre i media 2013

Sunnhordland Lesarbrev 24.01.13 — Geir Angeltveit
Om helsepolitikk.

Sunnhordland 01.03.13 — Maria Irgens og Geir Angeltveit
Lesarbrev om korleis Kjersti Toppe vil sende ungdom i tvangsarbeid.

Sunnhordland 03.04.13 — Geir Angeltveit
Oppslag som inviterar til ope møte om helse.

NRK Hordaland Radio 04.04.13 07:15 — Geir Angeltveit
Radiointervju om Venstres møte om sjukehuset.

Sunnhordland 25.04.13 — Geir Angeltveit
«Du tar feil Harry Hestad.»

Haugesunds Avis 05.04.13 — Geir Angeltveit
Vidare om Venstres møte.

Sunnhordland 07.05.13 — Hordaland Venstre
Stord Venstres underskriftskampanje. Leverte underskrifter til Trine SG på Venstres landsmøte 12-14. april.

Sunnhordland 20.06.13 — Geir Angeltveit
Lesarbrev om grøn fondsforvaltning.

Sunnhordland 28.06.13 — Terje Breivik
Lesarbrev om Venstre og nynorsken.

Sunnhordland 08.07.13 — Terje Breivik
Svar til Eigil Knutsen (Ap) som svarte på førre lesarbrev.

Sunnhordland 10.07.13 — Geir Angeltveit
Oppslag om vrakpant på båtar, bussar, lastebilar osb.

Sunnhordland 16.07.13 — Mathias Fischer
Tosiders oppslag om femårig lærarutdanning, med støtte frå rektor ved HSH.

Leiar Sunnhordland 17.07.13 — Mathias Fischer
Oppslag frå dagen før vert kommentert på leiarplass. Positivt.

Sunnhordland 26.07.13 — Terje Breivik
Lesarbrev-svar til Kjersti Toppe. Om EU.

Sunnhordland 23.08.13 — Mathias Fischer
Lesarbrevsvar om homofili til De Kristne.

Sunnhordland 26.08.13 — Geir Angeltveit
Lesarbrev om DLD.

Sunnhordland 28.08.13 — Terje Breivik
Terje og Geir er på besøk hjå Atheno. Oppslag om grunderstøtte.

Sunnhordland 30.08.13 — Terje Breivik
«Landbruket og bonden vert viktigare»

Sunnhordland 02.09.13 — Geir Angeltveit
Lesarbrev-svar til Odd Martin Myhres svar til Mathias Fischers lesarbrev om homofili. Ufatteleg god respons på dette innlegget.

Sunnhordland 06.09.13 — Geir Angeltveit
Tosiders oppslag om Geir i valkampen.

Sunnhordland 08.10.13 – Geir Angeltveit
Lesarbrev som svar på spørsmål om reservasjonsrett og fastlegar.

Sunnhordland 06.11.13 — Geir Angeltveit
Del av oppslag om leksehjelp.

Sunnhordland 06.11.13 — Geir Angeltveit
Del av oppslag om pelsdyr.

Sunnhordland 18.12.13 — Håkon Frode Særsten
Pressemelding som blei lesarbrev(!) i høve debatten om Kvernaneset

Utover dette har Stord Venstre hatt fleire oppslag på Stordnytt.no, samt siterte tweets i fredagsavisa, Geir har deltatt i matpraten i Sunnhordland. Håkon og Geir har også deltatt i andre oppslag og lesarbrev som evt. Har forsvunne frå minnet eller der ein ikkje har vore hovudemne for artikkelen.

Mange av oppslaga i år har vore i samanheng med Stortings-valkampen. I forhold til valkampen 2009 har Venstre hatt ufatteleg mykje mediamerksemd og stor aktivitet.

Nettaktivitet
Stord Venstre har ei aktiv sida på Facebook som vert jamleg oppdatert med politisk innhald frå våre møter, lokalt, regionalt og nasjonalt. Sida har vokse trutt sidan oppstartinga under valkampen 2011 og er no på 236 følgjarar.

I tillegg er Geir Angeltveit svært aktiv på Twitter (@GeirAngeltveit).
Stord Venstre har også hatt ein svært godt oppdatert nettstad, www.Stord.Venstre.no der ein har lagt opp alle lesarbrev og alle artiklar ein har vore hovudemne i osb.

nettstatistikk Stord Venstre

Vitjinga på nett i år har vore noko mindre enn dei to føregåande åra, det har nok ein del med aktualitetar i sakar og at det har vore eit stortingsval der Venstres nasjonale nettsider er å føretrekka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**