Prøveprosjekt med 16-årig røysterett

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet vil ved lokalvalet igjen opna for eit nytt prøveprosjekt med 16-årig røysterett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Geir Angeltveit

Geir Angeltveit

I Stord kommune har me mykje ungdom og engasjert ungdom. Mange av desse flyttar vekk før dei får røysterett, og flyttar kanskje ein stad dei ikkje har like stor kjennskap til samfunnsmessig, eller brennande varmt engasjement i. Ved å introdusera ungdom for demokratiet tidlegare er ein med på å inkludera dei i prosessane kommunen fattar.

Den 24. April hadde Venstres Geir Angeltveit ein interpellasjon i kommunestyret der han sa dette. Kommunal- og moderniseringsdepartementet inviterer kommunar til å søkja deltaking i «Forsøk med stemmerett for 16-åringer i 2015».

16-åringar har i dag betre føresetnader for å delta i folkestyret enn nokon gong. Gjennom ein god skule og ein mangfaldig mediekvardag får dei kunnskap om samfunnet dei lever i, som langt overgår det vanlege kvinner og menn hadde då allmenn røysterett var innført i 1913. 16-åringar er aktive deltakarar i samfunnet vårt og har gode føresetnader for å ta gode avgjerder ved lokalval, argumenterer Angeltveit.

Valg

Ordføraren sende ideen til administrasjon som vart å laga ei sak for formannsskapet og kommunestyret den 22. Mai. Formannsskapet gjekk med på forslaget om å søka 16-årig røysterett.

Eg trur dette er ei god sak for oss. Me har søkt før, og fått avslag. Når me søkjer igjen no, viser det at me har lyst til å vera med på denne prøveordninga, sa Håkon Frode Særsten (V) i formansskapet.

Venstre håpar at denne søknaden også vil hausta fleirtal i kommunestyret den 22. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**