Misnøgde Venstreordførarar

Uttale om jordbruksoppgjeret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Misnøgde Venstreordførarar
Som eit av støttepartia til Regjeringa har Venstre eit stort ansvar i dei komande tingingane i Stortinget om jordbruksoppgjeret. Mange Venstremedlemer landet rundt er svært spente på kva vår eiga stortingsgruppe landar på ved avstemminga 17.juni. Pressemeldinga frå ordførarane våre (sjå lenger ned) er eit viktig innspel i debatten. Dei representerer alle kommunar der jordbruk er viktig for næringslivet og busetjinga. Ordførarane veit kva dei talar om, og dei må det lyttast til!
Under eit svært godt besøkt medlemsmøte måndag 19.mai i Oppdal Venstre slutta forsamlinga seg til innhaldet i den publiserte pressemeldinga. Kommunestyregruppa vår vart pålagt å melda frå til Venstre si stortingsgruppe om eit samrøystes vedtak med støtte til det ordførarane har sagt.
Helsing
Odd Gunnar Jære Hoel
sekretær i Oppdal Venstre

Venstres ordførarar:
– Regjeringa stryk til eksamen i landbrukspolitikken
Venstre sine ordførarar er sterkt misnøgde med tilbodet Regjeringa har lagt fram i jordbruksforhandlingane 2014.
– Slik dette tibodet ligg føre, er det ikkje foreinleg med eitt breitt politisk fleirtal i Noreg sine mål om lønsamt jordbruk og levande bygder over heile landet. Det seier Gro Skartveit, Venstre-ordførar i Finnøy i Rogaland.
– Venstre sine ordførarar meiner staten må levere eit betydeleg betre tilbod til landbruket enn det som no ligg føre. – Landbruket er ein berebjelke i store deler av Noreg, med avgjerande betydning for busetnad, verdiskaping og forvalting av kulturlandskap.
– Over store deler av Noreg er det rett og slett ikkje mogleg å drive så store einingar som Regjeringa styrer inn mot med dette landbruksoppgjeret. Det er heller ikkje miljømessig ønskjeleg, og vil ha dramatiske konsekvensar for den samla norske distrikts- og regionalpolitikken.
– Landbruksoppgjeret må innrettast slik at det er mogleg å drive lønsamt landbruk også utover i distrikts-Noreg, og den samla ramma må aukast monaleg, seier Gro Skartveit på vegne av Venstre sine ordførarar.
Venstre har ordførar i viktige jordbrukskommuner som Grimstad i Aust-Agder, Bø i Telemark, Finnøy i Rogaland, Gol i Buskerud, Granvin i Hordaland, Eid i Sogn og Fjordane, Osen i Sør-Trøndelag, samt fleire andre kommuner der landbruket er ein berebjelke i lokalsamfunnet. Venstre-ordførarane står samla bak kravet om eit betre landbruksoppgjer i 2014.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**