La oss ta vare på friluftsområda våre

Stord Venstre fatta resolusjon på sitt årsmøte måndag 26. januar om debatten kring friluftsområda våre. Me ønskjer å ta tilbake entusiasmen kring dei flotte friluftsområda våre. Alt for ofte går debatten om i kor stor grad desse kan dekkast med asfalt eller ikkje. Me har ambisjonar for god, frisk og nær natur også i framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


 [ Trykk på biletet for stor versjon ] - Her frå Hovaneset i Sævarhagen, eit områda som tidleg forsvann frå ferjeleie debatten pga sin særeigne naturtilstand.

[ Trykk på biletet for stor versjon ] – Her frå Hovaneset i Sævarhagen, eit områda som tidleg forsvann frå ferjeleie debatten pga sin særeigne naturtilstand.
Foto: Geir Angeltveit

I kommunen vår har me gode, flotte naturområder. Perler som har vore til glede i generasjonar, blitt gjort tilgjengeleg for folk og nyttast i ein hektisk kvardag for å kome seg vekk frå mas og kjas.

Områder med stor glede for innbyggjarane i kommunen vår. Områder som Kvednaneset, Landåsen og andre vert sett på som hindringar i vegen for ‘framskrittet’.

I Venstre meinar me at det er ein eigenverdi å ivareta gode lokale friluftsområder, og å utvikla og gjera nye tilgjengelege. At alle skal ha eit tilbod nært seg kor ein kan koma til sjø, skog og fjell for enkle turar og hyggelege dagar.

Difor meinar Venstre at:

• Ein bør ha som mål at ingen skal bu lengre enn 500 meter vekke frå eit friluftsområde.

• kommunen bør bidra til å finansiera kart, slik at det er eit komplett kartverk for spesielt friluftsliv og opplevingar i kommunen. Også til nytte for turistføremål.

• ein skal verna Landåsen frå store inngrep i tilknyting til utbetring av E39 Heiane-Nordre Tveita

• permanent ferjeleie i Stord-Kvinnherad vert lagt i tilknyting sørleg kryssing av Langenuen, og ikkje ved Kvednaneset.

.

.

.

.

.

Hovaneset natur friluft

Foto: Geir Angeltveit
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**