Stord Venstres lista til lokalvalet 2015

pensumbok
Foto: freeimages.com

Måndag 26. januar avholdt Stord Venstre sitt års- og nominasjonsmøte. Etter debatt og diskusjon kom ein fram til ei strålande lista for lokalvalet 2015.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 Frå Venstre, frå venstre; Åge Aadland, Geir Angeltveit og Maria Irgens.

Frå Venstre, frå venstre; Åge Aadland, Geir Angeltveit og Maria Irgens.
lista stord venstre

Frå før var ein kjend med at Geir Angeltveit vart innstilt som ordførarkandidat for Venstre, og han vart vald av eit samrøystes nominasjonsmøte førre veka.

Saman med seg på lista har han fått 26 andre ivrige sjelar. På topp står han saman med butikksjef på CMYK, Maria Irgens, og Varabrannsjef, Åge Aadland.

– Me har fått med oss mange nye og gira folk inn i partiet, og på lista. Me har fått innspel om gode folk, og resultatet er ei stor lista med solid forankring i Stordsamfunnet og i Venstre, seier Angeltveit til Bladet Sunnhordland.

– Nominasjonskomiteen har gjort ein strålande jobb, og eg gler meg veldig til å gå inn i valkampen med eit slikt flott mannskap,

Årsmøtet hadde også ei anna overrasking. Mangeårig aktivt medlem, Harald Nes vart tildelt æresmedlemspris i partiet.

– Harald har vore engasjert i Stord Venstre i kring 45 år, og hugsar både splittinga på Røros og gjenforeininga på 80-talet, og han er tidlegare FN-soldat. Trass den doble veteranstatusen vegrar han seg ikkje for å igjen stå på lista, opplysar Angeltveit.

Styret har fått fullmakt til å supplera lista i høve fleire medlemmer melder seg til lista i etterkant.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**