Grensesetjing gjeld meir enn politikontora

Politi panser bil
Reformen vil gjøre politiet bedre i stand til å møte både dagens og fremtidens kriminalitetsutfordringer, og vil styrker beredskapen., Foto: (CC BY-ND 2.0) Politiet i Vestfold / Flickr.com
Anne-Beth Njærheim
Anne-Beth Njærheim

Sidan innhaldet i Regjeringa og Venstres politireform blei annonsert onsdag førre veke, har debatten gått. Det er ikkje rart, dette er ei av dei verkeleg store reformane som har pressa seg fram dei siste åra. Politianalysen og Gjørv-kommisjonen etter 22. juli har vist at det er behov for endringar i politiet.

 

Den komande nye politistrukturen handlar ikkje berre om politiet. Den nye organiseringa kan og vil skapa presedens for ei rekke andre grensedragningar innan statleg og anna offentleg verksemd.

Geir Angeltveit Profil
Geir Angeltveit

 

Lokalt har det vorte satt spørsmålteikn ved inndelinga av politidistrikt, der det vert føreslått eit todelt Sunnhordland, der Fitjar, Bømlo og Stord går sørover, medan Tysnes, Kvinnherad og Austevoll går nordover. Dette har sjølvsagt skapt reaksjonar, også i Venstre. Når dette spørsmålet vart løfta så vel Magne Rommetveit å visa til at Iselin Nybø – Venstres justispolitiske talsperson – er frå Rogaland. Insinueringa er openbar og usakleg. Når politidistrikta er teikna opp så har det skjedd etter innspel/dialog med politidirektøren/POD. Når det gjeld Haugaland og Sunnhordland politidistrikt så har det vore anbefalt frå både politimesteren og frå POD at distriktet burde haldast samla, og at det har vorte anbefalt lagt syd. Grunngjevinga for dette er fleire, men det er anbefalingane frå POD som ligg til grunn, og ikkje ein forhandlars fødeby. Rommetveit får halda auge med rogalending og APs justispolitiske talsperson Hadia Tajik, når denne saka no går til Stortinget.

Når ein no vert å redusera talet på politidistrikt monaleg, vil det vera svært viktig at Sunnhordland vert plassert i Hordaland Politidistrikt. Dersom Sunnhordland føl med til Rogaland, vil det vera første steg på vegen til at me vert ein del av Rogaland, det virkar kanskje ikkje viktig isolert sett, men i samband med kommunereforma og andre reformar er fylkesgrensa og fylkesmannsembeta satt i spel.

Det er argumentert med at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt framleis bør vere eit beredskapsområde. Det er eit godt fagleg argument, men det er ikkje tungt nok, når konsekvensane elles vert store. Det vil ikkje vere noko problem for Hordaland politidistrikt å få Sunnhordlandskommunane tilbake, det vil kunne løysast på godt vis. Elles er det eit viktig argument at Fylkesmannen har ei hovudrolle i totalberedskapen. I dag er ikkje dette overlappande med politidistrikta, i lys av dei store utfordringane me har som følgje av klimaendringar vil det vera ei styrking av totalberedskapen.

Me, og vår Stortingsrepresentant Terje Breivik arbeidar for at Sunnhordland bør vera del av Hordaland Politidistrikt.

Anne-Beth Njærheim
1. Kandidat Hordaland Venstre
Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre
3. Kandidat Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**