Feil om kjempe­barnehage

Geir Angeltveit, Fotograf: Jo Leirheim

Etter kommunestyre­møtet torsdag så skriv Sunnhordland at me «vil ha ny kjempe­barnehage». Dette er ikkje korrekt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Barnehageplanen som vart handsama i komité for oppvekst og utdanning, formannsskap og kommunestyret inneheld eit forslag om å byggja ein barnehage på Tjødnalio for opp til 170 born. Dette reagerte eg og andre i posisjon og opposisjon på. Me såg det ikkje som reelt eller fornuftig å gå for ei slik stor utbygging.

Det var difor kommunestyret samrøystes gjekk inn for at det heller skal fremjast ei sak som greier ut dimensjonering, fysisk plassering, trafikale tilhøve, økonomiske konsekvensar, kommunal vs. privat utbygging, miljøpåverknad og andre relevante faktorar. Denne nye barnehagen skal erstatta dagens plassar i Sagvåg og Litlabø barnehage, der me også ser om det er høveleg å få til oppvekstsenter på Litlabø Skule, som det er brei semje om. Me ivrar ikkje for ein barnehage for opp til 170 born, og det oppfatta ikkje eg at nokon andre i kommunestyret ønska heller, difor gjekk me inn for å få ei eiga sak om spørsmålet.

Så med mindre vinden snur dramatisk, så vert det ikkje ei kjempebarnehage på 170 born, men det vert likevel tilstrekkeleg med barnehageplassar i god tid før ein treng det i 2018. For Venstre og kommunestyret er det viktig å balansera fordelinga av barnehageplassar utover i kommunen, slik at borna helst kan få gå i barnehage i sitt nærmiljø.

Geir Angeltveit,
ordførarkandidat Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**