På tide å starte

Hallvor Lilleslett - Landsmøte 2015, Foto: Steinar Bleken

Hallvor Lilleslett Venstres ordfører i Gol er opptatt av å få mer roboste kommune, og er frustrert over at prosessen for å lage nye kommuner går langsomt. Les innlegg han holdt på Landsmøtet i Venstre her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Ordstyrarar, kjære landsmøte

Kommunane har fått beskjed om å utgreie kva for nabokommunar som kan slå seg saman, og målet for det heile er å få kommunar som er betre rusta for dei store utfordringane som vi står framom i relativt nær framtid. Var ikkje beskjeden frå regjeringa klar nok? Mange av dei små kommunane meiner dei har ein bra standard på tenestene sine, og då er det ingen grunn til på gjera noko. Det dei ikkje greier sjølve, blir løyst med interkommunale mikmakkløysingar. Dette gir eit demokratisk underskot. Kven er det som skal bestemme i eit slikt samarbeid, kommunestyret som vil mest eller dei som vil minst, eller er det styret som skal bestemme?

Som ordførar er eg er frustrert. Vi har enno ikkje kome i gang med noko form for utgreiing, fordi det er ingen av nabokommunane våre som ser poenget med ei endring av kommunestrukturen, i alle fall ikkje enno. Hallingdal har 20.000 innbyggjarar og ein enkel geografi, med ei busetting langs vassdraget. Etter mitt syn ein ideell kommune som også er ein bu og arbeidsregion.

Har vi ikkje forstått alvoret, har vi det for godt, eller det er for få eller for små gulerøter? Eg har meir tru på gulrot enn pisk. Gi meg gulerøter eg kan dele med naboane mine! Gulerøter som også er høvelege for småkommunar! Regjeringa driv dobbeltkommunikasjon når regjeringa signalisere at ein like vel kan halde fram med interkommunale løysingar. Resultatet blir status quo, er eg redd.

Regionnivået skal vi ha. Makt skal overførast frå staten til regionane. Samstundes må dette folkevalde nivået også ha ei god forankring nedover. I dag er det ein stor mangel ved samansetting av fylkestinget. I mange tilfelle er det kommunar som ikkje er representert på fylkestinget. Ved etablering av eit nytt regionnivå, må vi syte for at den enkelte kommunen i alle fall er representert ved ordførar, slik at alle kommunane har eit minimum av representasjon, slik som det tidlegare var ved samansetting av fylkestinget.

Venstres stortingsgruppe og saksordførar Andre Skjelstad må berre stå på og halde oppe farten, men syte for at dei mange etternølarane forstår behovet for ein reform og syter for at det faktisk blir i det minste sett i gang utgreiingar.

Hallvor Lilleslett
Ordførar Gol

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**