Reell brukarmedverknad

Foto: Venstre

Geir Angeltveit saknar reell brukarmedverknad, ein må involvera organisasjonane frå start.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Eg visar til studiereisa til Danmark, der Samarbeidsrådet for sunnhordland såg på korleis Skansebakken i Vejle Kommune har organisert butilbodet til personar med utviklingshemming. Ei buform Norsk Forbund for Utviklingshemming har protestert sterkt mot.

Diskusjon Eg undrar meg over kvifor Samarbeidsrådet ikkje inviterte representantar for forbundet med på studiereisa.

Då hadde ein hatt reell brukarmedverknad, slik lova krev og slik i alle fall Stord Kommune har vedteke i sin Rehabilitering-, helse- og omsorgsplan.

Diskusjonane kring korleis slike tilbod skal utviklast kunne då også verta meir konstruktive, når alle delte same erfaringsgrunnlag.

I Venstre satsar me på openheit og då må brukarorganisasjonane med i planarbeidet heilt frå dag ein.
Geir Angeltveit
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**