Valgprogrammet er klart!

«Me skal fortsette med å utvikle Bø til ein av Noregs trivelegaste stader å bu!»

Det du held i hendene dine nå, er programmet til Bø Venstre for dei neste fire åra. Der skal me fokusere på kva me ynskjer å oppnå for kommunen framover. Men fyrst vil eg som ordførar dvele litt ved dei siste fire åra.

Fyrst og fremst vil eg takke alle dei som stemte på oss ved valet i 2011. Eg håpar de synest at me har levd opp til forventingane – eg kan i alle fall love at me har gjort så godt me kunne. Me håpar sjølvsagt på fornya tillit fordi fire år er kort tid i politikken.

Eg har lyst til å gje tidlegare ordførarar og politikarar honnør for den jobben dei har gjort. Bø er ein føregangskommune på mange område, og i eit demokrati er det slik at ein ikkje startar på null om den politiske leiinga skiftar ved eit val. Ein står på skuldrene til kvarandre når ein byggjer lokalsamfunn.

Gjennom mange år har den økonomiske situasjonen i Bø kommune vore vanskeleg. Det finst mange grunnar til det, men det har vore maktpåliggande for Bø Venstre å få dette under kontroll. Ein kan ikkje fortsette å bruke meir pengar enn ein har. Gjennom omstrukturering av kommunen og ein total økonomisk gjennomgang for å sjå kor og korleis pengane blei brukt, har me etter kvart begynt å få kontroll over økonomien. I 2016 skal me etter planen vere ute av ROBEK.

Bø Venstre har hatt mange gode saker dei siste åra, og resultata kan tale for seg sjølv: I dei siste tala me har, er Bø heilt i teten i landet når det gjeld befolkningsvekst, kultur, frivilligheit osb. Me ligg på topp i Telemark når det gjeld næringsutvikling og auka tal på arbeidsplassar. Høgskulen har aldri hatt fleire studentar, og undersøkingar viser at dei trivast svært godt. Bø Sommarland går betre enn på mange år.

I programmet til Bø Venstre vil du finne kva me vil satse på framover. Her vil du sjølvsagt finne ein god del nye satsingar, men eg trur det viktigaste er at me vidarefører den gode utviklinga Bø er inne i. Det betyr at Bø treng ei god og stabil leiing.

Godt val.

Olav Kasland

Ordførar (V)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**