Ill: Geir Angeltveit

Stords eldste politiske parti har jubileum, 130 år etter stiftinga si. Relevant i desse dagar då det fort kan vera det siste jubileet får eit nytt Venstrelaget vert stifta i Sunnhordland. Noko om skipinga av Stordøens Venstreforening 14. juni 1884 og utviklinga av partiet den første 10-årsbolken.

Partistiftarane
Partistiftarane

Det er i desse dagane 100 år sidan «en Del Mænd af Stordøens Komune» kom saman og skipa eit venstrelag – den første politiske organisasjonen på lokalplanet i denne kommunen. Namnet vart Stordøen Venstreforening.

Det var møtt fram 39 personar til skipingsmøtet, og dei skreiv seg alle som medlemer. Så vart det utarbeidd lover eller statuttar for laget, og etter dette valde møtelyden styre. Desse kom med i «Bestyrelsen»: Østen Eskeland, formann, Johannes Lønning, varaformann, Peder H. Valvatna, kasserar og styremedlemer Gjermund Bengtsen Digernes og Reinert A. Eskeland. Til varamenn vart valde Nils Olsen Tyde og Tobias Kyvik.

Kjelde for overståande opplysningar er møteboka for partiet, som er teken vare på og er arkivert på beste måte.

På første sida i denne møteboka er det ført inn referat av skipingsmøtet, som var den 14. juni 1884. Kor dei politisk interesserte stordabuane samla seg, veit me ikkje, for denne opplysninga er ikkje medteken i referatet. Men i møtereferatet frå åra 1885 – 1889 heiter det at laget hadde møta sine i «Gamlestuen» på Ådland. Frå og med 1890 var lagsmøta i «Skolehuset paa Leirvik». – Det er grunn til å tru at skipinga av Stordøens Venstreforening gjekk føre seg i Gamlastovo på Ådland. Munnleg tradisjon kan gjerne avgjera dette spørsmålet.

I referatet frå skipingsmøtet er ikkje lagslovene tekne med, og me får såleis ikkje kjennskap til føremålsparagrafen. Men det er sannsynleg at ein har hatt eit politisk mål tilsvarande andre lokale venstrelag på Vestlandet, dvs. Dei store merkesakene som Venstregrupperingane under Johan Sverdrups førarskap kjempa fram til siger.

Alle dei 39 personane, sjølvsagt menn, har fått namna sine innførde i møteboka.

Østen Eskeland og Baard M. Haugland
Østen Eskeland og Baard M. Haugland

Det vil føra for langt å ta med alle namna her. Det store fleirtalet var sjølveigande bønder, eller «husfædre» som slike vert kalla i folketeljingane frå samtida. Berre 2 av desse 39 bygsla småbruk eller plass. Det var framleis ein heil del husmenn eller strandsitjarar i kommunen, men ingen slike var med på møtet. Grunnen til dette var gjerne ikkje likesæle og skort på interesse for samfunnsspørsmål hos denne gruppa av stordabuar, men det klåre faktum at desse ikkje hadde røysterett. Grunnlova sa at berre eigar eller leigar av matrikulert jord på landet og matrikulert grunn i byane, hadde røysterett. – Kva skulle få politisk umynde møta fram for?

Nokre av sjølveigargruppa dreiv også næringsverksemd i tillegg til gardsbruket: frakting, partar i skip, arbeidde på verv, hadla krøter o.a.

Det store fleirtalet, meir enn 9 av 10 i møtelyden, utgjorde såleis ei homogen sosial gruppe i trygge og tolleg romslege kår, tufta på sjølveige og ættekjensle, med politiske røtter.
Eit interessant trekk ved dei 39 første venstremennene i Stord Kommune er alderssamansetjinga. Aldersgruppa 41-50 dominerar heilt, omlag ein trepart av medlemmene finn me i denne gruppa, medan berre 4 personar er under 30 år, og 7 over 50år.

Nokre av aldersgruppa 41-50 år var med i bygdestyringa. 2stk. Vart ordførarar seinare, og andre av same gruppa fekk eller hadde offentlege tillitsyrke.

Det er såleis ikkje tilfeldig at Stordøens Venstreforening får ein formann som i årevis svingar ordførarklubba, at kasseraren sit i heradstyret periode etter periode, har mange andre ombod osb.
– Kven gjorde opptaket til skipinga av laget?
Her lyt me berre gissa oss til eit sannsynleg svar. Det kan tenkjast at nokre av dei som vart valde til «bestyrelse», sjølv har teke initiativet, og då helst etter føredøme frå andre kommunar.

Frå andre stader kjenner me til det kom initiativ frå Amtsvenstreforeningen eller frå sentralt hald i Kristiania. Og endeleg kan det tenkjast at statsråd Baard Haugland står bak som initiativtakar. Han visste også kven han skulle venda seg til.

– Kan tradisjonen her på Stord fortelja noko om dette?
Stordøen Venstreforening fekk inga lang levetid, for alt 19. mars 1892 vart laget oppløyst. Vetak om dette skjedde med 7 mot 6 røyster.

Lagsaktiviteten i tida 1884-1892 var etter moderne mål ikkje så stor, men det vart halde oppe ei politisk verksemd gjennom styre- og medlemsmøte. I møteboka er referert 4 styremøte og 7 medlemsmøte, men det har vore halde fleire møte, som ikkje er komne med i møteboka.

Samanliknar me med andre venstreforeningar frå samtida på lokalplanet, så høyrer Stordøens Venstreforening til den aktive gruppa, til dei laga som var noko meir enn reine valorganisasjonar. Dette ser ein klårt av kva saker og emne som Stordøens Venstreforening tok opp.

I 1885 vedtok laget etter tilråding frå styret ei oppmoding frå Peder Sigbjørnsen Dybvik «at Landbospørgsmaal maate blive staaende Diskutionsemne i Foreningens Møder».
På medlemsmøte i febr. Året etter stod også følgjande «Landbospørgsmaal» øvst på sakslista:

«1.) Hvorledes skal Gaardsbrugerne drive sit Kreaturhold,m saa det kan give et tilfredsstillende Udbytte?

2.) Om den bedste Maade at tilveiebringe Gjødsel paa».
Dette medlemsmøtet ønskte elles å drøfta «Menighedens Indflydelse paa Præstevalg – med eller uden Menighedsraad – dersom tida strekte til. Det fortel kan hende litt at det sterkt aktuelle og omstridde politiske spørsmålet om demokratisering på det kyrkjelege området, stod nedst på sakslista? Var det taktikk som låg bak, ønskje om å unngå indre strid i laget? Eller var det meir jordnære og konkrete spørsmål enn politiske saker som venstremennene i Stord Kommune var opptekne av?

Med visse atterhald trur eg at det kan svarast stadfestande på båe spørsmåla. Den lokale venstrekløyvinga kom svært seint samanlikna med mange andre kommunar, og fraksjonane «moderate» og «rene» Venstre synest å ha vore jamsterke heile tida. Men det er uvisst å vita korleis dei politiske skiljelinene innan Stordøens Venstreforening har utvikla seg i slutten av 1880-åra ut frå møteboka. Inge møtereferat speglar av indre politiske brytningar.

Norsk jordbruk var i slutten av 1800-talet inne i den store omforminga som vert kalla «det store hamskiftet». Det moderne salsjordbruket voks fram, med ny teknologi og moderne driftsmåtar. Det offentlege stødde opp under med rettleiing og opplysningsarbeid for å få folk til å leggja om til moderne driftsformer. Målet var å skapa eit marknadsorientert jordbruk, eller som Peder S. Dybvik uttrykte det: «saa det kan give et tilfredsstillende Udbytte». At mange bønder på Stord var opptekne av slike spørsmål og kjende trong til samråding med andre om desse når dei var samla til møte, er heilt rimeleg. Jordbruksspørsmåla var aktuelle og viktige for venstrebonden – gjerne like mykje som merkesakene til den store venstregrupperinga.

Men knapt var kampen for innføringa av det parlamentariske systemet vunnen av Venstre, før den indre usemja slo ut i open og beisk strid, og i febr. 1888 vart stortingsgruppa sprengt i tre fraksjonar: «rene», «moderate» og «nomader». Denne siste fraksjonen var ei sentrumsgruppe, som etter ei tid gjekk saman med «rene» Venstre. Striden lamma partiet i åra 1888-91. Så stod Venstre fram som eit sosialt-radikalt reformparti. (Etter landsmøtet 1891).

Som nemnt teier møteboka for Stordøens Venstreforening om desse indre brytningane, og me kan berre indirekte sjå refleksar av dei. Laget har drøfta «Splittelsen inden Venstre» i fleire møte, første gongen 2. sept. 1886.

Når kløyvinga av laget ikkje kom før i 1892, kan det nok ha samanheng med at kontroversielle emne har medvete vorte neddempa. Men det er truleg ikkje heile forklaringa. Baard Haugland, statsråd i Sverdrups regjering høyrde til den «moderate» fraksjonen i Venstre, og dette faktum kan ha skapt ei lojalitetskjensle som har hindra utviklinga av uforsonlege motsetnader i lengste laget. Og truleg må me rekna med at ein del av medlemmene i Stordøens Venstreforening har vore å finna mellom «nomadene» fleire år før dei stod fram som «rene» venstremenn – og tok følgjene av dette standpunktet: skipa eit nytt venstrelag.

Det er såleis gode grunnar til å understreka at Stordøens Venstreforening hadde ei meir harmonisk utvikling enn mange andre lokallag ein har kjennskap til, at motsetnadene ikkje har fått lamma verksemda, og at ein har arbeidd med spørsmål som var sentrale og viktige både forsamtid og ettertid.
Ved sida av «Landbospørsgmaal» tok såleis laget målsaka opp til drøfting. I 1887 «toges Maalsagen under Behandling», heiter det i møteboka. Seminarist Lars Eskeland innleidde til ordskifte «om Landsmaalets Betydning og dets Utvikling.» Møtelyden vedtok etter ordskiftet to resolusjonar. Den første var til Stordøens Almuebibliotek om å skriva seg som livsvarig medlem i Det norske Samlaget.

Resolusjonen Nr. 2 var ei oppmoding til Stordøens Skolekommission (dvs. Stord skulestyre) om å gje lærarane pålegg om å undervisa etter Austlids ABC.

Dette tedde seg nok for samtida som radikal kulturpolitikk, like radikalt som tilslutninga til kravet frå Norges Venstreforening om allmenn røysterett. Stordøens Venstreforening drøfta i 1890 om laget skulle rå til at Venstre programfesta kravet om allmenn røysterett. Dette vart samrøystes vedteke.
Det reine Venstre kom ut av stagnasjonen etter 1890. Nye merkesaker vart funne med appell til store samfunnsgrupper. På landsmøtet 1891 programfesta partiet mellom anna allmenn røysterett, direkte statsskatt, særskilt norsk utanriksstell.

Desse merkesakene fengde i vide krinsar: dei hadde appell til småbrukarar, lønsarbeidarar i by og på landet, funksjonærar og tenestemenn m.v. Snart var Venstre atter det største partiet, konsolidert på eit sosialt-radikalt og nasjonalt-radikalt grunnlag.

Lokallaga skulle arbeida fram det nye venstreprogrammet og virka som ein politisk surdeig. No vart det ikkje lenger rom for «nomadene» i lokallaga.

På medlemsmøtet i Stordøens Venstreforening kom det framlegg om å løysa opp laget: «Venstreforeningen finder i sin nuværende Sammensætning ikke at kunne virke med Held for Venstres Sag.» Med knapt fleirtal fekk dei «rene» venstremennene sin vilje. Laget vart oppløyst, men eit nytt venstrelag vart skipa nokre veker seinare, 19. april 1892.

Østen Eskeland, Lars Langeland og Hans Ø. Huglen hadde på førehand vore valde til å laga utkast til statuttar til laget, som fekk namnet Stordøens Rene Venstreforening.

Desse statuttane er førde inn i møteboka, og dei 5 første paragrafane lyder slik:

§1. Sotrdøens venstreforening vil arbeida for en frisindet norsk politikk. Gjennom foredrag og diskutioner vil den vække interesse for og kjendskap til de offentlige anliggender, og fremfor alt gjøre sit til, at Venstres merkesager blive kjendte og forstaaede av folket.

§2. Den vil virke for almindelig deltagelse i alle offentlige valg.

§3. Den vil støtte arbeidet for egen repræsentasion overfor andre nationer efter den ret grundloven hjemler os og fædrelandets ære krever.

§4. Den vil værne om folkestyret og den parlamentariske statsskik, arbeide for retfærdg og rimelig fordeling af samfundets rettigheder og byrder, og for ophjælp av landets næringskilder.
§5. Kommunale anliggender og gjøremål af almen interesse vil ligeledes kunne optages til drøftelse i foreningens møder.

Desse vart valde til styre: Østen Eskeland, formann, Ole O. Høyland d.y., Hand Nordhuglen, Lars Langeland og Peder Lønning. Det var 20 personar med på skiingsmøtet, og alle desse skreiv under møteprotokollen.

Om aktiviteten til partiet etter oppløysinga og nyskipinga gjev møteboka få opplysningar om. Mellom 1892 og 1896 er det berre ført inn 2 stutte årsmøtereferat. Om dette tyder på liten aktivitet i laget, kan ikkje avgjerast ut frå denne kjelda. Men ein kan gissa på at klyvinga har splitta venstremennene på Stord i to namstore flokkar: «rene» og «moderate». Truleg har oppgjerda i 1892 ikkje berre klårlagt politiske skiljeliner i lokalmiljøet, men også skapt ein viss skepsis til politisk aktivitet hos ein del medlemmer, i alle høve mellombels.

Denne historia var på trykk 13. juni 1984.
Forfattar er Anstein Lohndal.

Gjengitt og oppdatert med tillatelse, Geir Angeltveit.

*Merksemde lesarar kan vera obs på at laget eigentleg fyllar 131 år, det forsinka jubileet kjem av ein feilaktig dato på nettleksikonet Wikipedia.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**