Ein god skule for dine born

Offentlig skole med kvalitet supplert av private tilbydere på Lørenskog. "Foto: Stock photo © shironosov", "Foto: Stock photo © shironosov"

Venstre ønskjer ein skule for kunnskap og like mogelegheiter. Ein liberal skulepolitikk legg til grunn at ingen elevar er like, samstundes som me har ambisjonar for kvar einaste elev. Me vil gje skulane stor fridom til å legga til rette undervising slik at alle elevar får den same mogelegheita til å utnyta sine evner uavhengig av busetnad og sosial og kulturell bakgrunn.

For Venstre er det viktig at elevane gjennom skulen skal få eit mangfald av kunnskap og ferdigheiter, og ha mogelegheit til å oppleva meistring. Difor må alle fag tilleggjast vekt. Born er individ med ulike behov. Det er viktig at skulen kan tilby ein variasjon der borna kan finna seg sjølv og finna ut kvend ei ønskjer å bli. Venstre ønskjer at alle elevar skal kjenna glede over eiga meistring gjennom heile skuleløpet.

Samarbeidet med FAU og SU ved skulane og barnehagane gir god innsikt, og skapar grobotn for konstruktiv dialog mellom administrasjon, tilsette, foreldre og politikarar.

Difor vil Venstre:

  • følgja skulebruksplanen
  • ha ein årleg skuledebatt i kommunestyret.
  • at skulane skal ha oppdaterte og gode læremiddel.
  • bistå skulane i kontakt med andre delar av kommunen/stordsamfunnet, for at mest mogeleg av ressursar vert gjort tilgjengeleg til læring.
  • sørgja for at samarbeidsorgan med foreldre, skuleleiing og politikarar fungerar.