God økonomisk styring

Rådhuset på Leirvik, Foto: Geir Angeltveit

Stord Venstre legg god økonomistyring til grunn for all sin politikk. Kommunen har høg gjeld, og må prioritera dei viktigaste oppgåvene når kronene ikkje alltid strekk til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstre vil basera all sin politikk på god økonomistyring, og tilpassa tenestenivået etter økonomiske føresetnader, også om dette medfører omstilling. For å ivareta tenestetilbodet for framtida, og å sikra kommunens økonomiske handlerom vil me vera tydelege på våre prioriteringar.

Me meinar det er urealistisk og umogeleg å sikra god velferd, naudsynte investeringar og prioritera for framtida om ein ønskjer å fjerna eigedomsskatten.

Venstre vil:

  • vidareføra eigedomsskatten
  • etter naudsynte investeringar og inndekkingar, gå inn for at eigedomsskatten vert nytta til å inndra vedlikehaldsetterslepet på kommunale bygg.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**