Klimatilpassing og beredskap

Foto: Unge Venstre

Me treng å førebu oss på at det kjem meir ekstremvær i framtida som følgje av klimaendringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Klimaendringar vil verta ei større utfordring for kommunen i åra framover. Allereie har me opplevd korleis stormar og intensivert nedbør kan påverka tenestetilbodet og infrastrukturen i kommunen.

Klimaendringar vil påverka fleire sektorar og tenesteområder kommunen har ansvar for. Difor treng me lokal klimatilpassing og beredskap.

Difor vil Venstre:

  • samarbeida med lokalt næringsliv og borgarane for å sikra førebygging og beredskap, som ivaretar kritiske samfunnsfunksjonar.
  • vurdera grøne tak som effektivt tiltak mot overvatn.
  • dimensjonera infrastruktur slik at dei tålar forventa klimaendringar.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**