Kommunen for friluftsliv

Stords eige miljøfyrtårn., Foto: Astrid Larsen

Naturopplevingar og friluftsliv er ei kjelde til livsglede og folkehelse, ro og harmoni. Me vil at flest mogeleg skal nytta og ha glede av naturen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Friluftsliv er helsefremmande og gir gode oppevingar for den einskilde. Ein friluftspolitikk for framtida må ta vare på vår varierte natur, den må stimulera til eit allsidig og inkluderande aktivitetstilbod, og målretta opplæring for born og unge. Den må minst bevara dei opplevingsverdiane folk søkjer på tur i norsk natur.

Alle skal ha rett til naturopplevingar, til å ferdast fritt og til å hausta av naturens overskot.

Venstre ønskjer at innbyggjarane i minst mogeleg grad må betala for naturopplevingar. Mange stader i landet er det eit aukande press på strandsona. Her vil me ha strenge restriksjonar på utbygging.

Venstre vil:

  • styrka friluftslivets stilling i kommunen
  • vera ein pådrivar for styrking av folkehelsearbeid med vinkling mot friluftsliv
  • sikra kommunen sine attraktive friluftsområde og gjera dei meir tilgjengelege. Dette skal gjerast i samarbeid med frivillige
  • planlegga nye byggeområde slik at eksisterande turområde vert skåna, og at det opparbeidd nye turområde i nyetablerte bustadfelt
  • ha som mål at alle skal ha eit turområde i nærleiken av der dei bur
  • koordinera rydding og sikring av turløyper i samarbeid med frivillige og grunneigar
  • bidra til å finansiera kart, slik at det er eit komplett kartverk for spesielt friluftsliv og opplevingar i kommunen. Også til nytte for turistføremål, og digitalt tilgjengeleg.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**