Kultur og Fish Woman

Håkon Frode Særsten, Foto: Privat

Kvifor er Fish Woman viktig, og kvifor er kultur viktig for Stord?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Fish Woman har eit ibuande engasjement og set eit fokus som ikkje kjem til overflata utan kunstnaren sin hjelp. Stord er fantastisk heldig som har fostra så mange gode kunstnarar. Dei aller fleste kan misunna oss fantastiske musikarar og aktørar innan death metal, shanty, danseband, folkemusikk og målarkunst – frå surrealisme til realisme, dans frå Capoeira til klassisk ballett, forfattarar, skulptørar, skodespelarar, humoristar, fotografar etc. Alle opptrer i nærmiljøet vårt, og berikar oss kvar dag. Dei er med på å utvida ytringsrommet vårt.

Lars Slettebö sin skildring av restaureringa av Fish Woman i Tåkeluren.
Lars Slettebö sin skildring av restaureringa av Fish Woman i Tåkeluren.

Det å bu i Sunnhordland krev at vi har nokon som stiller dei vanskelege spørsmåla, som opnar sansane våre, underheld oss, pyntar opp, engasjerer, provoserer, effektiviserer, kvalitetssikrar og skapar debatt. Vi treng det, for dette styrkjer sansane våre, kreativiteten, konkurranseevna og utvida ytringsrommet vårt.

Fish Woman er her og bidreg til dette engasjementet, og det er vel riktig å seia at det er sjeldan vi oppnår målsettinga på ein betre måte enn ved dette kunstverket. Inga Søreide har her lukkast å presentera ein installasjon som skapar ein aktiv debatt.

Men vi har fleire kunstverk på Stord vi kan gleda oss over, for å nemna nokre: «Båtfeste» og «Hattane» av Bård Breivik, og gatekunst som «Leseplass i andre høgda» av Nathaneal Larsson i Spinae Company som er i Stord kulturhus og «Storddøra», dette er spennande opplevingar, noko ein kan gle seg over eller bli provosert av.

Difor skal me engasjera, debattera og ha ytringar slik at me held kunsten levande i eit engasjert samfunn. Difor er kultur viktig, difor ønskjer me FishWoman og annan kunst og kultur velkomen som stordabuen og mange andre har meiningar om.

Med venleg helsing,
Håkon Frode Særsten
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**