Lokaldemokrati og folkestyre

Foto: Geir Angeltveit

Borgarane skal ha innsikt og ha høve til å følgja med på det politikarane føretar seg på rådhuset.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Rolla som ombodspersonar er noko me i Venstre set høgt. Tillitt til dei som sit ved makta er ein føresetnad for legitim styring av kommunen. Difor har Venstre alltid vore positive til meir innsyn, meir openheit og eit meir forståeleg lokalt styre.

Verda er stadig i endring, og ein vil alltid ha behov for å utvikla lokaldemokratiet vidare slik at det er borgarar lokalt som har makta. Alle møter i Stord Venstre er opne for innbyggjarane.

Difor vil Venstre:

  • syta for at saker er godt opplyste og lytta til innspel frå borgarane
  • ha videooverføring og -opptak frå komité og formansskapsmøter, som ved kommunestyremøte
  • stilla spørsmål ved all lukking av saker der det er tvil om grunnlaget for dette
  • arbeida for kommunesamanslåing i Sunnhordland
  • i komitéar og formannsskapsmøter skal ein ha utstyr tilgjengeleg slik at det for tilskodarar er høve til å høyra tydeleg kva som vert sagt.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**