Me vil ha ned energibruken

Stords eige miljøfyrtårn., Foto: Astrid Larsen

Det er eit stort potensiale i energireduksjon i ein kommune. Her vil me spara klimaet og økonomien for store summar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Det samfunnet me byggjer i dag, låner me frå våre barnebarn. Skal me byggja ein moderne kommune for framtida, må me ta ansvar for dei handlingane me gjer i dag, og setja ein ny kurs.

Norske kommunar må vera med på ei grøn omstilling, og Venstre vil ha ned CO2-utsleppa i Stord Kommune. Dette vil me gjennomføra ved ansvarlege grep i ei rekke ulike sektorar. Skal me byggja det grøne samfunnet, må me gjera det gjennom gulrot, krav, og tilrettelegging.

Det er mange mogelegheiter for å integrera produksjon av fornybar energi ved nybygg og ved rehabilitering av gamle bygg. I tillegg kan me gjera det attraktivt for innbyggjarar og verksemder å starta opp produksjon av fornybar energi.

Meir og rein energi er ikkje det einaste tiltaket. Me må også ta sikte på å gjera smarte kutt i energiforbruket. Store delar av energiforbruket i Noreg går til oppvarming av bygg. Det ligg store mogelegheiter gjennom å Sykkel som realistisk alternativ til bil. redusera dette energiforbruket, ved å gå over til meir miljø- og klimavenlege oppvarmingskjelder.

Produksjon og transport av byggematerialer er ei årsak til klimautslepp frå byggindustrien. Ved nybygg og rehabilitering bør det difor stillast krav til miljø og klimavenlege materialval som f.eks. massivtre, celluloseisolasjon mm.

Venstre vil:

  • ha kommunen over på energisparande LED-belysning
  • fastsetja mål om at ein stor andel av alle kommunale byggeprosjekt, både nybygg og rehabilitering, skal oppnå “nesten nullenerginivå” eller plusshus-standard allereie no.
  • nytta fornybare løysingar der det er høveleg • fremma bygging i klimavenlege materiale, som t.d. tre.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**